Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Smitteutbrudd i Kongsland!

Tenk deg at du har ansvaret for smittevernet i ein by. Korleis vil du handtere eit smitteutbrot? I spelet Smitteutbrudd i Kongsland får du prøve deg på akkurat det. Klarer du å stoppe smitten?
Alvorleg nyheitsopplesar med nyheit om ukjent virus. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Situasjonen

Vi er i Kongshammer. Dette er den største byen på øya Kongsland som er eit populært turistmål om sommaren. Sjukehuset i byen opplever stadig fleire innleggingar av pasientar med influensaliknande symptom.

Du må stoppe smittespreiinga

Du har rolla som smittevernansvarleg i Kongshammer, og det er ditt ansvar å setje i verk tiltak som hindrar at smitten spreier seg. På same tid må du passe på at tiltaka ikkje får for store konsekvensar for økonomien på øya og den tilliten innbyggarane har til deg som smittevernansvarleg.

Til læraren – tips til gjennomføring

Ein alternativ måte å bruke Smitteutbrudd i Kongsland på er å la elevane gjennomføre spelet éin gong, utan førebuingar. Når alle har vore gjennom, kan de ha ein felles diskusjon, til dømes med utgangspunkt i punkta under. Til slutt kan de gjennomføre historiene ein gong til og bruke det de har diskutert, når de tek val undervegs.

Det kan vere ein god idé at elevane gjennomfører historia i par. Då får elevane moglegheita til å diskutere dei vala dei tek, undervegs.

Før de jobbar vidare, kan læraren dele inn klassen i smittevernlag. Eit lag kan bestå av fire elevar, der to og to gjennomfører historia saman.

Del 1. Smittespreiinga startar ...

Strategiar for å kjempe mot smittespreiing

Etter den innleiande diskusjonen bestemmer leiaren for smittevernlaget at det er lurt å ha ein strategi når ein skal kjempe mot smittespreiing. Alle nikkar veldig for å vise at dei er einige.

Mennesker rundt et møtebord, de fleste ser på en mann ved enden av bordet. Foto.

Ein strategi er ein bestemd plan ein gjennomfører for å nå eit bestemt mål. Tiltak er noko du gjer for å nå målet ditt. To ulike strategiar for å kjempe mot smittespreiing kan vere å setje i verk tiltak

  • som slår ned smittespreiinga

  • som bremsar smittespreiinga

  1. Finn ut kva som er hovudforskjellen på desse to strategiane.

  2. Sjå på tiltaka i lista under. Kva inneber dei ulike tiltaka?

  3. Kva tiltak tenker de kan vere aktuelle viss de jobbar etter ein av desse strategiane?

  4. Kva tiltak vil vere mest eigna til å få ned smitten med den strategien de har, trur de?

Moglege tiltak i Smitteutbrudd i Kongsland
  • stenge ned restaurantar og barar

  • krav om munnbind

  • krav om kontinuerleg nedvasking

  • stenge butikkar og kjøpesenter

  • krav om handhygiene

  • stenge skular

  • stoppe organiserte fritidsaktivitetar

  • lockdown

  • reiserestriksjonar

  • portforbod

  • stanse kollektivtransporten

  • sosial distansering


  1. Kva konsekvensar trur de strategien dykkar vil ha på

    • økonomien i Kongshammer

    • tilliten hos innbyggarane

    • smittespreiinga ()

Del 2. Test ut smittevernstrategien

Gjennomfør historia i Smitteutbrudd i Kongsland, og ta val som stemmer overeins med strategien de har fått tildelt.

Historia går over seks rundar, og det tek frå 20 til 30 minutt å gjennomføre alle rundane.

Slik er historia bygd opp

Tips!

Etter kvar runde får de ei oppsummering av korleis det har gått. Ta skjermbilete av desse oppsummeringssidene. Dei er nyttige når de skal diskutere og vurdere korleis det har gått etterpå.

Då er det berre å setje i gang!

Lenke til synstolka versjon

Del 3. Korleis gjekk det?

Etter seks rundar med kamp mot eit smittsamt virus er det på tide med oppsummering og evaluering.

  1. Diskuter internt i laget korleis det gjekk.

    • Kva tiltak valde de i dei ulike rundane?

    • Kva var R-talet, økonomien og tilliten i dei ulike rundane?

    • Kva vart konklusjonen til slutt?

    • Kva gjekk bra?

    • Kva kunne de gjort annleis?

    • Valde de å forske på viruset og utvikle vaksine? Kvifor eller kvifor ikkje?

    • Kva for nokre andre tiltak enn dei de møtte i historia, kunne vore brukt?

  2. Kvart smittevernlag presenterer for dei andre. Gi ein kort gjennomgang av det følgande:

    • Kva gjekk strategien dykkar ut på?

    • Kva tiltak gjennomførte de?

    • Korleis fungerte strategien?

    • Kva for nokre positive effektar hadde strategien?

    • Kva for nokre negative effektar hadde strategien?

    • Vurder dei positive og negative effektane opp mot kvarandre, og gi ei samla vurdering av strategien.

    • Viss de skulle gjennomført historia igjen, kva endringar ville de gjort i strategien?

Vidare arbeid

Aktivitetane under kan nyttast for å jobbe vidare med tematikken i Smitteutbrudd i Kongsland.

Betydningsgradestokk

Betydningsgradestokk

  1. Bruk korta med tiltaka frå Smitteutbrudd i Kongsland. Viss de har andre forslag til tiltak, kan de skrive inn desse i dei tomme rutene.

  2. Jobb saman i par eller små grupper.

  3. Teikn eit koordinatsystem med x- og y-akse. La "tillit" eller "økonomi" vere eining på x-aksen og "effekt på smittespreiing" vere eining på y-aksen.

  4. Diskuter og vurder kor stor innverknad tiltaka har på smittespreiing og økonomi/tillit. Jo større innverknad tiltaka har på smittespreiing, jo høgare opp på y-aksen skal tiltaket plasserast. Jo større innverknad eit tiltak har på økonomi, jo lenger til høgre skal det plasserast.

  5. Når de har vorte einige internt i gruppa: Lim korta på koordinatsystemet. Heng opp koordinatsystema til alle gruppene i klassen slik at de kan samanlikne dei.

  6. Diskuter felles i klassen. Kva tiltak er mest effektive for å redusere smittespreiinga? Valde de desse tiltaka i historia?

  7. Korleis verkar desse tiltaka inn på tilliten til innbyggarane i Kongshammer? Vel 1 eller 2 karakterar frå spelet. Forsøk å setje dykk inn i korleis ulike tiltak verkar inn på livet til vedkommande.

Filer

Oppgåvekort til betydningsgradestokk

Tiltak plasserte i forhold til to aksar, økonomisk kostnad på x-aksen og reduksjon i R-talet på y-aksen. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Rollespel

Rollespel

Bruk karakterane i Smitteutbrudd i Kongsland til å lage eit rollespel.

  1. Skriv ut bileta, lim dei på kartong og klipp ut.

  2. Fest bileta av karakterane til trepinnar (grillspyd er godt eigna), og lag eit rollespel med "pinnedokkene". De kan til dømes ta utgangspunkt i nokre av dialogane frå Smitteutbrudd i Kongsland eller velje tema sjølv.

    Skriv eit kort manus/lag ei dreiebok.

  3. Finn eit eigna bakgrunnsbilete for rollespelet, og spel inn ein kort film.

  4. Vis fram filmane for kvarandre i klassen. Kanskje de òg kan legge dei ut på dei sosiale media til skulen?

Elevar filmar pinnedokker med mobiltelefon. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Filer

Lag eit program som vel tiltak

Lag eit program som vel tiltak

Bruk programmering og lag eit program som vel tiltak. I programmet skal brukaren legge inn den situasjonen som gjeld til kvar tid.

Brukaren skal skrive inn

  • verdi for R-tal

  • økonomisituasjonen (i prosent)

  • tilliten (i prosent)

Programmet skal foreslå det tiltaket som vil vere best eigna i den gjeldande situasjonen.

Ta til dømes situasjonen slik han kjem fram i tabellen. Kva smitteverntiltak vil vere best eigna her?

døme på situasjon

Tiltak

Verdi

Smittespreiing (R-tal)

1,8

Økonomi

90

Tillit

80

Her er R-talet høgt, samtidig som vi har god økonomi og mykje tillit å spele på hos innbyggarane. I denne situasjonen bør programmet foreslå eit tiltak som har veldig god effekt på smittespreiinga. Sidan både økonomi og tillit har høge verdiar, kan ein koste på seg eit dyrt og inngripande tiltak.

Verknad av tiltaka i Smitteutbrudd i Kongsland

Tiltak

Reduksjon i R-tal

Tillit, kostnad

Økonomi, kostnad

Krav om handhygiene

15 %155

Krav om munnbind

15 %105

Krav om kontinuerleg nedvasking

10 %55

Sosial distansering

15 %1015

Stenge ned restaurantar og barar

20 %1510

Stenge skular

25 %1515

Stoppe organiserte fritidsaktivitetar

15 %205

Stenge butikkar og kjøpesenter

5 %155

Lockdown

70 %3545

Portforbod

40 %3020

Stanse kollektivtransporten

5 %55

Reiserestriksjonar

20 %1010
  1. Skriv koden som trengst i eit slikt program.

  2. Test programmet og sjå om det fungerer som de tenkte.

Diskuter

  • Kva kan vere fordelen med eit program som til kvar tid "fortel" kva tiltak som er best?

  • Kva avgrensingar kan det ligge i eit slikt program?

I historia i spelet er det gått ut frå at kvart tiltak verkar uavhengig av andre tiltak som blir gjennomførte samtidig. Dette er ei forenkling og ikkje nødvendigvis slik det ville ha fungert i det verkelege livet.

  • Kvifor bruker vi ofte forenklingar når vi lagar modellar og simuleringar?

  • Er det slik at kvart tiltak verkar uavhengig av andre tiltak i verkelegheita?

  • Diskuter kva konsekvensar ulike tiltak vil ha, viss dei er avhengige av kvarandre. Korleis vil det påverke

    • smittesituasjonen (R-talet)

    • økonomien

    • tilliten i befolkninga

  • Ut frå det du har lært om smittespreiing og immunitet: Er det gjort andre forenklingar i denne historia?

Relatert innhald

Her får du jobbe med eit program som simulerer korleis smitteutvikling kan gå føre seg. Du kan mellom anna justere R-tal og tiltak som avgrensar smitten.

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 25.10.2022

Læringsressursar

Hygiene i arbeid med menneske