Hopp til innhald

Fagstoff

Mat og hygiene

Bakteriar finst overalt, også i matvarer. Viss du handsamar maten feil, kan visse bakteriar vekse og gjere deg sjuk. Bakteriane stortrivst og formeirar seg raskt i temperaturar frå 8º til 60º.
Eit stykke kjøt, fisk, egg, mjølk og ost på eit bord. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lag trygg mat

Dei aller fleste bakteriane døyr når du varmar maten godt nok. Dei vanlegaste årsakene til matforgifting er utilstrekkeleg oppvarming, sein nedkjøling, lagring ved for høg kjøletemperatur og slurv med reinhald.

Vask hendene

Du bør alltid vaske hendene før du lagar mat, mellom handsaming av ulike råvarer – og sjølvsagt etter toalettbesøk. Viss du kan unngå det, bør du ikkje lage mat til andre når du har magesjuke, vondt i halsen eller har betente sår på hendene.

Reiskapar

Knivar og skjerebrett må du vaske ofte, og i tillegg sørgje for at det er reint på kjøkkenbenken. Rå og tillaga mat skal du halde frå kvarandre. Byt reiskap mellom forskjellige råvarer og mellom råvarer og ferdiglaga mat – eller vask reiskapane godt mellom kvar oppgåve. Då hindrar du at matforgiftingsbakteriar blir overførte frå ei råvare til ein ferdig rett. Kjøkkenkluten må du anten vaske ofte i maskina på minst 60 °C eller leggje i klor. Klutar bør bytast ofte. Du kan i mange situasjonar heller bruke kjøkkenpapir.

Oppvarming og nedkjøling

Viss du skal halde maten varm før servering, må han vere rykande varm, det vil seie rundt 60 °C. I lunken mat kan bakteriar gro og føre til matforgifting. Om det er lenge til maten skal etast, er det betre å kjøle maten raskt ned og varme han opp igjen. Kasserollen kan du til dømes setje i kaldt vatn og røre om. Deler du maten i mindre porsjonar, går nedkjølinga raskare.

Varm mat skal vere rykande varm

Ved 70°–80°C blir dei aller fleste bakteriane drepne. Fjørfekjøt, til dømes kylling, og oppmale kjøt, slik som kjøtdeig, bør gjennomsteikast. Ved steiking av heile kjøtstykke som biff og kotelettar er det nok at overflatene blir godt steikte, fordi bakteriane finst der. Når du bruker mikrobølgjeomnen til å lage mat, bør du røre om og la retten stå nokre minutt så varmen fordeler seg jamt.

Sjekk temperaturen i kjøleskapet

Matvarer som må oppbevarast kjølig, set du i kjøleskapet. Temperaturen i kjøleskapet bør vere 4 °C eller lågare, fordi låg temperatur hindrar bakterievekst i matvarene.

Relatert innhald

Når du arbeider i helse-, sosial- eller oppvekstsektoren, må du vere ekstra bevisst på hygiene. Det er mange menneske der, og smitte spreier seg raskt.

CC BY-NC-SASkrive av Ingvild Skjetne.
Sist fagleg oppdatert 19.03.2020

Læringsressursar

Hygiene i arbeid med menneske