Skulemiljøet til elevane
I samsvar med kapittel 12 i opplæringslova har alle elevar rett til eit trygt og godt skulemiljø. Dette inneber mellom anna at ingen elevar skal mobbast eller utsetjast for vald, diskriminering, trakassering eller anna krenkande åtferd. I tillegg skal skulemiljøet til eleven aktivt fremme helse, inkludering, trivsel og læring.
Retten til eit trygt og godt skulemiljø blir utdjupa i forskrift om helse og miljø i barnehagar, skular og fritidsordningar.
Det fysiske miljøet
I kapittel 2 i forskrifta blir krava til det fysiske miljøet på skulen som skal fremme fysisk helse, beskrivne. Det fysiske miljøet omfattar alt frå inneklima, drikkevatn og sanitæranlegg til smittevern og sikkerheitsutstyr.
Les og diskuter
Kapittel 2 i "Forskrift om helse og miljø i barnehager, skoler og skolefritidsordninger":
Kva for nokon miljø- og helsekrav set forskrifta til skular?
Kvifor er desse krava viktige for å fremme god helse?
I kva grad er krava tilfredsstilte på skulen dykkar?
Det psykososiale miljøet
For at skulen skal kunne fremme god psykisk helse, må vi ha eit godt psykososialt skulemiljø. Det inneber mellom anna eit skulemiljø der vi har nulltoleranse for mobbing, valdsbruk, diskriminering, trakassering og anna krenkande åtferd.
I tillegg til lærarar og elevar sitt arbeid med klassemiljøet er skulehelsetenesta viktig i arbeidet med å skape eit godt psykososialt miljø.
Drøft
Kva kan gjerast for å skape eit positivt psykososialt miljø på skulen?
Inkludering
Alle elevar, uavhengig av føresetnader, skal kunne få eit tilfredsstillande utbytte av undervisninga. Dette er nedfelt i kapittel 11 i opplæringslova, som omhandlar tilpassa opplæring og individuell tilrettelegging.
For at alle elevar skal få utnytta og utvikla evnene sine, må skulen tilpasse undervisninga etter ulike behov. Ei slik tilpassing kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, individuell læreplan og/eller ein personleg assistent.
Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) har òg ei viktig rolle i arbeidet med å skape eit inkluderande opplæringstilbod. PPT skal støtte skulane i arbeidet med å gi eit inkluderande opplæringstilbod ved å greie ut behova for tilrettelegging, setje inn tiltak og bidra med kompetanseutvikling.
Kunnskapsdepartementet har ansvaret for at det blir utarbeidd lærebøker og andre læremiddel for individuelt tilrettelagd opplæring. Det inneber mellom anna at læremidla må vere universelt utforma. Det vil seie at læremidla skal vere tilgjengelege for alle, òg for blinde og svaksynte, høyrselshemma og elevar med kognitive utfordringar.
Trivsel og læring
Skulemiljøet skal òg fremme trivsel og læring. Over har vi sett på krava til eit godt fysisk, psykosialt og inkluderande skulemiljø, som alle er viktige faktorar for trivsel og læring.
Å kjenne tilhøyrsel har mykje å seie for trivsel, og heile skulen må bidra for å unngå utanforskap. Skuledemokratiet og elevar sin rett til medverknad kan òg bidra til å fremme trivsel i skulen og står omtalt i kapittel 10 i opplæringslova.
I kapittel 17 i opplæringslova kan vi lese om krav til kompetansen til læraren, som er ein av fleire faktorar som er viktige for elevar si læring.
Elevundersøkinga er eit verktøy for vidareutvikling og kvalitetssikring av skulemiljøet. Her får vg1-elevar kvart år seie si meining om trivsel, mobbing, miljø, motivasjon og støtte frå lærar, som alle er viktige forhold for å lære og trivast på skulen.
Internkontroll
Skulen si eiga kvalitetssikring av system og rutinar blir kalla internkontroll. Når det gjeld skulemiljøet, skal skulen ut frå gjeldande krav setje seg konkrete mål. Skulen må òg beskrive korleis måla skal nåast, og korleis arbeidet skal organiserast. Her er det viktig å etablere gode rutinar og prosedyrar.
Uønskte situasjonar kallar vi avvik, og internkontrollen skal både avdekke og følge opp avvik. Ved til dømes mistanke om at enkeltelevar ikkje har eit godt og trygt skulemiljø, skal det meldast frå til rektor, som skal sørge for at saka blir undersøkt og følgt opp med eigna tiltak. Skulen skal òg greie ut risikoen for at avvik oppstår. Arbeidet med internkontroll skal dokumenterast og jamleg bli evaluert for å finne forbetringspunkt.
I tillegg til internkontroll i samsvar med § 18 i forskrifta om helse og miljø i barnehagar, skular og skulefritidsordningar skal skulen føre internkontroll i samsvar med arbeidsmiljølova, brannvernslovgivinga og annan helse-, miljø- og sikkerheitslovgiving.
Finn ut
Korleis jobbar skulen din med internkontroll av arbeidet med å skape eit godt og trygt skulemiljø?
Kva rolle har elevar i dette arbeidet?