Arbeidsmiljølova
Arbeidsmiljølova skal sikre at arbeidstakarar har eit trygt og helsefremjande arbeidsmiljø. Dette inneber mellom anna
ein helsefremjande og meiningsfylt arbeidssituasjon
trygge tilsetjingsforhold og likebehandling
eit godt ytringsklima
eit inkluderande arbeidsliv
Sjølv om det er arbeidsgivar sitt ansvar å sørge for at reglane i arbeidsmiljølova blir følgde, har òg arbeidstakarar ei medverknadsplikt. Arbeidstakar er pålagd å
bruke verneutstyr der det er påbode
avbryte arbeidet og gi beskjed om feil eller manglar som kan vere til fare for liv og helse
gi beskjed om arbeidsrelatert skader eller sjukdom
vere delaktig i utarbeiding av oppfølgingsplanar og delta i dialogmøte med arbeidsgivar for tilbakeføring til arbeid etter skadar eller sjukdom
gi beskjed om observert trakassering eller diskriminering
rette seg etter påbod frå Arbeidstilsynet
I samsvar med arbeidsmiljølova § 2 har arbeidstakar rett til å varsle om kritikkverdige forhold på arbeidsplassen, som til dømes om arbeidsmiljøet er uforsvarleg.
Arbeidstakar skal ved varsling følge framgangsmåten som står beskriven i § 2 A-2. Arbeidsgivar har på si side plikt til å følge opp innkomne varslar.
Det skal vere trygt å varsle, og det er derfor strenge reglar mot gjengjelding mot varslar. Det vil seie at arbeidsgivar ikkje har lov til å omplassere, forandre arbeidsoppgåver, utøve usakleg forskjellsbehandling med meir mot ein varslar.
Arbeidsgivar skal sørge for at arbeidstakarane har eit godt arbeidsmiljø. I tillegg til eit godt fysisk og psykososialt arbeidsmiljø inneber det at arbeidstakarar ha medråderett og variasjon i arbeidsoppgåver, som gir mogelegheit for fagleg og personleg utvikling.
Kapittel 4 i arbeidsmiljølova set ei rekke krav til verksemder for at arbeidsmiljøet skal vere fullt forsvarleg med omsyn til både psykisk og fysisk helse. Arbeidsgivar er pålagd å utføre eit systematisk helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid (HMS) på arbeidsplassen. Det er vanleg å strukturere arbeidet i ei HMS-handbok.
Eit verneombod er ein person som er vald blant arbeidstakarane i ei verksemd for å å vareta interessene til dei tilsette i HMS-spørsmål. Vedkommande skal mellom anna gjennomføre vernerundar, der dei sjekkar at verksemda driv i samsvar med HMS-krava.
Alle arbeidsplassar skal i utgangspunktet ha eit verneombod, og det er leiinga si plikt å sjå til at dette er på plass. Verksemder med mindre enn fem tilsette kan i nokre tilfelle velje andre ordningar. Verksemder med meir enn 10 tilsette kan velje fleire verneombod, og då må dei òg velje eit hovudverneombod som skal samordne verneomboda.
Arbeidsmiljøutvalet (AMU) skal arbeide for eit trygt arbeidsmiljø, og skal ha minst fire møte i året. AMU skal involverast i planlegging av verne- og miljøarbeidet i verksemda. Alle bedrifter med minst 30 arbeidstakarar skal ha eit arbeidsmiljøutval, der arbeidsgivar og arbeidstakarane skal vere representerte med like mange personar. Har verksemda knytt til seg ei bedriftshelseteneste, skal også ein representant herifrå vere med i AMU.
Hovudverneombodet, eller verneombodet, skal vere ein av tilsetterepresentantane i arbeidsmiljøutvalet. Tilsvarande er det eit krav om at ein av dei øvste leiarane skal vere ein av arbeidsgivarrepresentantane i AMU.
Eit trygt arbeidsmiljø er prega av ein inkluderande kultur med gode verdiar. I dette ligg det òg at arbeidsplassen skal bidra positivt til førebygging og handtering av rus- og avhengnadsproblematikk. Arbeidslivet har eit eige kompetansesenter, Akan, som rettleier verksemder i dette arbeidet. Mange verksemder har ein eigen person i AMU som har ansvaret for Akan-arbeidet i verksemda.
Arbeidsgivar har plikt til å drøfte spørsmål om arbeidsforhold med tillitsvald dersom verksemda har minst 50 tilsette.
Dette inneber informasjon om og drøfting av verksemda
sine aktivitetar og den økonomiske situasjonen
sin forventa bemanningssituasjon
sine endringar i arbeidsorganisering og tilsetjingsforholdet
Tillitsvald skal derfor mellom anna vere ein del av tilsetjingsprosessen og delta på intervju.
Arbeidsgivar må følge reguleringane i arbeidsmiljølova av arbeidstid for dei tilsette. Lova har reglar for både alminneleg arbeidstid, overtid, arbeidsfrie periodar, pausar, søndagsarbeid og nattarbeid. For barn og unge er det eigne, strengare reglar.
For enkelte grupper og situasjonar er det unntak frå dei allmenne arbeidstidsreglane. Mellom anna gjeld ikkje same reglar for overtid for arbeidstakarar i leiande stillingar eller i særleg uavhengige stillingar.
Føresegnene om arbeidstid kan òg fråvikast ved naturkatastrofar, ulykker og andre uventa hendingar der det er fare for skade på liv eller eigedom.
I samsvar med arbeidsmiljølova har arbeidstakar krav på permisjon i ei rekke ulike høve, som foreldrepermisjon, omsorgspermisjon, sjuke barn, utdanning og militærteneste. Arbeidsmiljølova regulerer retten til å få fri, men seier ingen ting om rett på lønn. Det er folketrygdlova som regulerer rett til lønn/trygd ved permisjon.
Rett til permisjon ved religiøse høgtider utover offentlege heilagdagar blir regulert av trussamfunnslova § 18.
I samsvar med arbeidsmiljølova er det forbode med direkte og indirekte diskriminering på grunn av politisk ståstad, medlemskap i fagforeining eller alder. Annan diskriminering blir regulert av likestillings- og diskrimineringslova.
Vern mot diskriminering gjeld alle sider ved arbeidsforholdet, som tilsetjing, forfremming, opplæring og kompetanseheving, lønns- og arbeidsvilkår og oppseiing.
Arbeidsmiljølova har omfattande reglar knytte til tilsetjingar. Mellom anna kan tidlegare tilsette og tilsette i deltidsstillingar i somme tilfelle ha krav på fortrinnsrett til nye stillingar.
Alle arbeidstakarar har krav på ein skriftleg arbeidsavtale, som mellom anna skal innehalde oppstartsdato, varigheit, eventuelle prøvetidsbestemmingar, oppseiingsfrist, lønnsvilkår, arbeidstid, og kva arbeid som skal utførast.
Det er òg omfattande reglar knytte til oppseiingar. Eksempelvis må oppseiingar, både frå arbeidstakar og arbeidsgivar si side, skje skriftleg med korrekt oppseiingsfrist.
Lova har òg reglar som skal hindre usaklege oppseiingar og gi eit spesielt vern for arbeidstakarar ved sjukdom, svangerskap og fødsel og ved avtening av militærteneste.
Som hovudregel kan arbeidsgivar ikkje seie opp ein tilsett på grunn av alder før vedkommande er 70 år.
Alle som avsluttar eit arbeidsforhold, har krav på ein skriftleg attest der det mellom anna skal komme fram i kva tidsrom vedkommande har arbeidd, og kva arbeidet har bestått i.
Tenk over
Har du, etter å ha lese denne artikkelen, blitt merksam på nokon reglar som du ikkje kjende til frå før?
Kva er det viktigaste du har lært?