Sertifiseringshefte - Produktivitet og kvalitetsstyring (TP-TIP vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Verktøy og mal

Sertifiseringshefte

Hensikta med dette heftet er å gjere HMS-arbeidet mindre generelt og meir knytt til dei faktiske og praktiske oppgåvene, maskinane og verktøya som elevane skal bruke. Heftet er meint som ein ressurs for lærarar.

Heftet inneheld forslag til rutinar for klassen når dei er i verkstaden. Rutinane kan du endre og tilpasse til klassen, verkstaden og skulen din. Heftet inneheld enkle rubrikkar for opplæring på kvar enkelt maskin. Det er ikkje meint å erstatte eit innarbeidd HMS-system, men heller å gi elevane ei trygg ramme for å møte TIP-verkstaden.

Heftet er meint brukt i utskriven form inne på verkstaden og kan lastast ned her.

Skrive av Bjørn Dølving. Rettshavar: Bjørn Dølving
Sist fagleg oppdatert 11.09.2019