Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Sommarjobb

Du er så heldig å ha fått ein sommarjobb, den første ordentlege jobben din! Du ser fram til å tene eigne pengar og til å bli ein del av ein arbeidsplass. No er det òg viktig å tenkje på at som ung arbeidstakar har du både rettar og plikter, slik også arbeidsgivaren har.
Flagg med logoen til LO. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bakgrunn

Leiaren din har bede deg om å setje deg inn i rettane til unge arbeidstakarar og pliktar når det gjeld sommarjobb. Hensikta er at du skal lage ein manual de kan ha på arbeidsplassen, og som alle nye tilsette kan få.

Oppgåve

  • Lag ein lettlest manual som tek føre seg rettane til unge arbeidstakarar når det gjeld

    • organisering og medlemsfordelar
    • arbeidstid og -miljø
    • løn
    • kontrakt
  • Ta òg med nokre punkt om pliktene til arbeidstakaren når det gjeld

    • arbeidsmiljø
    • ferie
    • eigenmelding
    • andre viktige punkt du synest er relevante

Etterarbeid

  • Diskuter fordelar og ulemper med å vere organisert i ei fagforeining.
  • Diskuter kva de tenkjer om pliktene og rettane ein arbeidstakar og ein arbeidsgivar har overfor kvarandre.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 05.06.2020

Læringsressursar

Partane i arbeidslivet