Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Caseoppgåve

Du er nyleg tilsett som ekstrahjelp på eit hotell i ein litt større by på Sørlandet. Du blir beden om å jobbe når det er store kurs og konferansar. I tillegg må du rekne med full vaktliste i høgsesongen.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bakgrunn

Du har no jobba der i nokre veker, mest med frukostservering i helgene. Det nærmar seg sommar, og du har lyst til å gjere noko anna enn berre å servere frukost. Etter ein samtale med sjefen får du moglegheit til å jobbe som ryddehjelp i restauranten og baren òg. Det gler du deg til!

Men …

Då høgsesongen nærmar seg og vaktlista kjem, ser du at du har fått vakter seks dagar i veka, og både frukost-, middags- og barvakter. Vaktlista gjeld for halve juni, heile juli og dei første to vekene av august. I tillegg står du oppført som ekstrahjelp i resepsjonen ved behov i samband med inn- og utsjekk.

Du har ikkje fått arbeidskontrakt enno, og ingen har fortalt deg noko om fagorganisering.

Du hadde ønskt deg ferie den andre veka i juli, for då skal det vere ein stor festival du har kjøpt billettar til.

Oppgåve

Jobb i par, og vurder om det som er skildra ovanfor, er lovleg etter arbeidsmiljølova.

  • Vis til gjeldande lover og paragrafar, og skriv eit notat til leiaren din om rettane dine som ekstrahjelp/deltidstilsett.
  • Legg særleg vekt på arbeidstid, løn og skatt, ferie, etepausar og arbeidskontrakt.
  • Diskuter meiningane dykkar med dei andre para i klassa.

CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 05.06.2020

Læringsressursar

Partane i arbeidslivet