Hugsar du at eit tal som kan skrivast som ein brøk med heile tal i teljar og nemnar, blir kalla eit rasjonalt tal?
På same måte er eit typisk rasjonalt uttrykk ein brøk med bokstavuttrykk i teljar og nemnar.
Du kan bruke dei reknereglane du no har lært, til å forenkle og trekkje saman rasjonale uttrykk. Reknereglane for brøkrekning gjeld sjølvsagt også om du erstattar tal med bokstavar.
Døme
Trekk saman uttrykket
Ser du at samnemnaren her blir
Løysing
Vi faktoriserer nemnarane, finn samnemnaren og utvidar brøkane slik at alle får same nemnar. Her må du kunne konjugatsetninga!
Vi trekkjer saman brøkane ved å trekkje saman teljarane og behalde felles nemnar.
Til slutt faktoriserer vi teljaren og forkortar, faktor mot faktor, der dette er mogleg.
I GeoGebra skriv vi inn uttrykket og vel anten «Rekn ut» eller «Faktoriser».