Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
God nok – haldningskampanje

Arbeidsoppdrag

God nok – haldningskampanje i sosiale medium

Kvar dag blir millionar av bilete, filmar, tips, reklame og artiklar publiserte i sosiale medium. Mange av desse inneheld direkte eller indirekte bodskapar til unge menneske om korleis dei bør sjå ut, og korleis dei bør leve liva sine.

Det finst mange eksempel på at sosiale medium bidreg til at unge får eit negativt syn på eigen utsjånad. I dette læringsoppdraget skal du bidra til det motsette.

Tenk deg at du jobbar i eit reklamebyrå som får i oppdrag å lage ein haldningskampanje i sosiale medium.

  • Målgruppe: Ungdommar
  • Oppdragsgivar: Ein ideell organisasjon
  • Bodskap: Ungdom er gode nok som dei er. Dei har ein verdi heilt uavhengig av utsjånad og respons i sosiale medium.

Gangen i arbeidsoppdraget

  1. Les aktuelle fagtekstar og gjer research.


    Diskuter med medelevar korleis de trur ungdom i dag blir påverka av sosiale medium. Lag eller bruk ei undersøking for å finne ut:


    • Kva for sosiale medium bruker ungdom?
    • Kven følgjer dei, og kva likar og mislikar dei med desse profilane?
  2. Forsøk å finne fram til konkrete eksempel.Gjer også generelle søk på «ungdom og sosiale medium».

  3. Frisk opp kunnskapen din om retoriske verkemiddel.
  4. Vel deg ein ideell organisasjon som skal vere avsendar. Det kan vere organisasjonar som Raudekrossen, Du bestemmer eller ein fiktiv organisasjon.
  5. Formuler ein bodskap for å treffe målgruppa. Bruk det du kan om retoriske appellformer, og innsikt frå research-fasen til å utvikle ideen din.
  6. Skisser plan for to til tre medieuttrykk.
  7. Lag ein kommunikasjonsplan for ein haldningskampanje. Han bør beskrive målgruppe, bodskap, kommunikasjonstiltak og tidsplan. I tillegg må du forklare korleis retorikk og verkemiddel skal brukast for å nå gjennom med bodskapen til målgruppa.
  8. Arbeidet kan etter avtale presenterast munnleg eller skriftleg, med eller utan ferdigproduserte medieuttykk.
CC BY-SA 4.0Skrive av Ragnhild Risholt Kleppe.
Sist fagleg oppdatert 12.07.2017