Introduksjon
Du skal planleggje ein haldningskampanje, lage ein kommunikasjonsplan og bruke retoriske appellformer til å formidle ein bestemt bodskap.
Når du har jobba med dette arbeidsoppdraget, skal du
-
ha innsikt i kva som kjenneteiknar ei bestemt målgruppe, og kva for medievanar denne målgruppa har
-
kunne planleggje ein haldningskampanje og forankre arbeidet i ein kommunikasjonsplan
-
forstå samanhengen mellom mediebruk og identitet
-
forstå korleis dei retoriske appellformene kan brukast i ulike medieuttrykk til å påverke personar som høyrer til målgruppa