Film og filmklipp
Filmfotografen og framing
Korleis kan du komponere bileta dine for å støtte historieforteljinga i ein film? Filmstudent Karoline Sødal Sellæg deler tipsa sine i ein film produsert for Amandus filmfestival.
Filmfotografen fortel ei historie gjennom bilete og skal hjelpe regissøren med å få fram visjonen han eller ho har, seier Karoline Sødal Sellæg. Ho studerer filmfoto ved Den norske filmskolen på Lillehammer.
Her deler ho nokre konkrete tips til korleis du kan jobbe med framing for å fortelje meir gjennom bileta dine.
Historia | Tipset til filmfotografen |
---|---|
Forsterke at karakteren kjenner seg pressa | Gjer biletet trongare. Plasser karakteren i eit hjørne, omgitt av vegger. |
Vise at karakteren kjenner seg einsam | Plasser kameraet langt bak for å få eit stort, tomt rom rundt karakteren. |
Forklare at karakteren kjenner seg mektig | Bruk undervinkla perspektiv for å gjere karakteren større. |
Vise at karakteren er redd | Bruk overvinkla perspektiv for å gjere karakteren mindre. |
Få fram at situasjonen er kaotisk | Skråstilt kamera kan brukast for å understreke ubalansen. |
Relatert innhald
Fagstoff
Skap den visuelle stilen i filmenKorleis kan du skape ein visuell stil som passar filmen din? Sjå ein video med tips om produksjonsdesign.