Filmprodusenten: frå idé til film
Oppgåva til produsenten er å lage ein best mogleg film ut frå dei ressursane som er tilgjengelege, seier filmstudent Stian Skjelstad i ein film produsert for Amandus filmfestival. Her deler han gode råd om vegen frå idé til film.
Stian Skjelstad går på produsentlinja ved Den norske filmskulen i Lillehammer. Han hevdar at du berre treng tre ting for å komme i gang med filmproduksjon: nokon å filme saman med, nokon å filme og ein stad å filme.
I tillegg må du heile vegen jobbe med dette:
Prioriter kva du vil bruke tid og/eller pengar på (døme: finne location, kjøpe utstyr).
Løys problem som dukkar opp (døme: mangel på skodespelarar).
Aldri la hinder stoppe deg (døme: null i budsjett).
Relatert innhald
Nettside hos amandusfestivalen.no
CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 05.09.2022