Eigenvurdering
Eigenvurdering for emnet skriv i ulike sjangrar
Sjekk kva du har fått med deg i emnet om skriving i mediefaget.
Om du kjenner deg igjen i alle påstandane nedanfor, har du studert emnet godt.
- Du forstår at skriving er ein viktig del av mediefaget, og at vi bruker skriving til mykje ulikt på linja medium og kommunikasjon.
- Du ser verdien av å utvikle skriveferdigheiter. Du ser at det kan styrke arbeidet ditt med planlegging, utforming, produksjon, dokumentasjon og presentasjon i mediefaga.
- Du forstår at ein skriveprosess er ein produksjonsprosess med fleire fasar.
- Du har samskrive og/eller samarbeidd om å produsere tekstar med andre.
- Du har jobba med språkarbeid, som å skrive variert og lage skildringar med god rettskriving.
- Du har skrive tekstar til ulike mediesjangrar og til ulike målgrupper.
Du veit meir om korleis du kan kommunisere skriftleg både til interne og eksterne samarbeidspartnarar og/eller oppdragsgivarar.
analyse
brødtekst
dokumentasjon
fagartikkel
forteljeteknikk
idéutvikling
kommunikasjon
reportasje
retorikk
samskrive
sjanger
skriveprosess
spissing
språklege verkemiddel
vinkling