Hopp til innhald
Du er no inne i ein læringssti

Illustrasjonsfotografering

Illustrasjonsfoto blir brukt i mange samanhengar: i journalistikk, i informasjonsmateriell og i marknadsføring. Eit fellestrekk for slik fotografering er at biletet skal bidra til auka forståing av ei sak eller eit tema.
En kvinnelig politikonstabel sjekker vognkort og førerkort. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ein journalist kan ha behov for eit illustrasjonsbilete til ei sak om kontroll av førarkort. Ein bedriftsleiar treng eit illustrasjonsbilete til ein plakat om bruk av verneutstyr. Ein lærar har behov for eit illustrasjonsbilete til ei førelesing om Newtons lover. Det finst mange slike eksempel, men eit fellestrekk for all slik fotografering er at biletet skal bidra til auka forståing av ei sak eller eit tema.

Show, don't tell!

Som kommunikasjonsmiddel har biletet ei spesiell utfordring. Mens tekst og lyd formidlar ein bodskap gjennom ei forteljing, må fotografiet vise deg bodskapen ved hjelp av visuelle element. Til gjengjeld kan fotografiet vere eit vel så sterkt verkemiddel for dei som veit å utnytte den moglegheita biletet gir. Ordtak som «Eit bilete seier meir enn tusen ord» og slagord som «Show, don't tell!» vitnar om nettopp dette.

Fem trinn i den kreative prosessen

Korleis ein går fram i produksjonen av denne typen bilete, vil i stor grad variere frå fotograf til fotograf, men dei fem punkta nedanfor vil vere ein naturleg del av den kreative prosessen:

1. Inspirasjon

Oppsøk kjelder for inspirasjon og ver nysgjerrig! Kva du har sett og erfart tidlegare, vil forme deg som fotograf. Det vil lette arbeidet med idear til opptak og kva moglegheiter du har under opptak og etterbehandling.

2. Idéutvikling

Kvar og når er du kreativ? Her finst det ingen fasit. Kreativitet kan både triggast og trenast, men han er i stor grad ein individuell eigenskap. Somme ser moglegheitene best når dei samhandlar med andre, mens andre er mest kreative når dei jobbar åleine i stilla. Kva som fungerer best for deg, må du finne ut av sjølv, men her er nokre tips:

  • Gjennomfør ei idémyldring. Få alle idéane opp på bordet. Då blir det lettare å velje ut dei beste.
  • Gå ein tur, åleine eller saman med ein ven, diskuter temaet.
  • Kei deg: Legg bort mobilen og logg hjernen av nettet! Folk keiar seg ofte altfor lite! Viss du ikkje har tid til å keie deg, har du kanskje heller ikkje tid til å tenkje alternativt og kreativt?

3. Opptak

Kva moglegheiter har du under opptak? Still deg desse spørsmåla:

  • Kva er fokuspunktet til motivet, og korleis kan du framheve det?
  • På kva måtar kan kamera, optikk, lysutstyr og kunnskap om komposisjonsprinsipp hjelpe deg?

4. Etterbehandling

Program for etterbehandling av bilete gir stadig større moglegheiter. Det er viktig å kjenne til kva som er mogleg, og når dei forskjellige teknikkane eller effektane kan vere hensiktsmessig å bruke. Moglegheitene er uendelege, og etterbehandling kan vere ein farleg tidstjuv. Det er viktig å hugse på at etterbehandling skal brukast til å betre motivet ditt – ikkje rette opp feil ved opptaket.

5. Ferdigstilling

Korleis skal det ferdige produktet leverast? I dag handlar dette stort sett om digitale biletfiler som skal ha rett filformat, oppløysing og storleik. Ver kreativ, prøv noko uvanleg og tenk heile tida biletkommunikasjon.

Som fotograf må du alltid ha for auge at bileta dine skal kommunisere med mottakaren. Det må styre dei vala du gjer i arbeidet ditt. Ein god hugseregel er at eit vellykka illustrasjonsbilete skal kunne fungere godt på eiga hand, men likevel kunne fungere endå betre med ein tilhøyrande tekst.

CC BY-SASkrive av Tom Knudsen.
Sist fagleg oppdatert 04.12.2017