Å visualisere ein bodskap
God marknadsføring gir produktet ein eigen identitet gjennom tekst, lyd og bilete som treffer målgruppa godt. Som eksempelbiletet viser, treng ikkje eit godt illustrasjonsbilete nødvendigvis å vere eit bilete av sjølve produktet for å kommunisere effektivt.
Illustrasjonsbilete blir brukt i mange samanhengar. Eksempel kan vere illustrasjonsbilete i bøker, brosjyrer og informasjonsmateriell eller bilete brukt i redaksjonell samanheng til å illustrere ei sak, ein situasjon eller eit fenomen.
Illustrasjonsbilete blir brukt også i reklame. Reklamebilete blir gjerne delte grovt inn etter hensikta til biletet. Er meininga å selje eit produkt snakkar vi gjerne om fotografering av produkt og/eller produkt i bruk.