Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Yrker – språk, kultur og samfunn

Oppgåve

Kjendisar i Kina – studiespørsmål

Dette er studiespørsmål du kan arbeide med etter å ha lese artikkelen Kjendisar i Kina. Bruk Internett og eventuelt andre hjelpemiddel. Diskuter i klassen.

  1. Han Han er blitt karakterisert som ein «rebel without a pause», eit ordspel på «rebel without a cause». Begge uttrykka kan passe godt på Han Han sin eigen kinesiske generasjon. Kvifor det?
  2. Kvifor trur du eit så idealisert dydsmønster som Lei Feng har fått såpass stor innverknad i Kina opp gjennom åra som det han har?
  3. Korleis gjekk presidentvalet på Taiwan? Hadde Chou sin «sjølvkritikk» nokon innverknad på valresultatet?

Relatert innhald

Fagstoff
Kjendisar i Kina

Korleis blir ein kjendis i Kina? Her får du nokre eksempel på kinesiske kjendisar.

CC BY-SA 4.0Skrive av Ole Fossgård.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017