Hopp til innhald
Fagartikkel

Miljøarbeid for helsefagarbeidaren

Målretta miljøarbeid har som mål å bidra til at kvart enkelt menneske opplever livsmeistring og livsglede og får god livskvalitet i samspel med andre eller åleine.

Oppgåver og kompetanse

Miljøarbeidaren har ulike oppgåver, krav til kompetanse og fokusområde avhengig av arbeidsstad. Ein person som er tilsett som miljøarbeidar, får ofte eit medansvar for å leggje til rette aktivitetar som er tilpassa målgruppa. Det kan vere ulike aktivitetar, samankomstar, turar eller små tilretteleggingar.

Miljøarbeidarar har ofte ei fagutdanning, mens miljøterapeutar er personar med høgare utdanning som sjukepleiar, vernepleiar, pedagog eller andre yrkjer. Ein helsefagarbeidar med relevant erfaring eller vidareutdanning kan søkje jobb som miljøarbeidar både i helsesektoren og i oppvekstsektoren.

I helsesektoren vil miljøarbeidarar oftast jobbe i institusjonar eller dagtilbod for ulike grupper. Miljøarbeid i oppvekstsektoren er arbeid rundt det enkelte barnet eller ungdommen og saman med barn og unge i omgivnadene deira, til dømes på skulen.

Samarbeid

Miljøarbeid fungerer som regel best når fleire yrkesgrupper samarbeider, og når ein prøver ut ulike aktivitetar i samarbeid med den enkelte brukaren eller gruppe av brukarar. Åtferd blir forma i samspelet mellom menneske og dei forandringane som skjer i omgivnadene. For å forstå korleis menneske reagerer i ulike situasjonar, må vi ha kjennskap til grunnleggjande prinsipp for korleis åtferd blir endra og påverka.


Utfordringar til deg

  1. Kva er forskjellen på ein miljøarbeidar og ein miljøterapeut?
  2. Kva arbeidsstader kjenner du til for miljøarbeidarar i heimkommunen din?
  3. Korleis kan trening saman med ei brukargruppe vere miljøarbeid?
CC BY-SA 4.0Skrive av Hege Nikolaisen og Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 04.12.2020