Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Arbeid i bustad

Dette er ein case som kan brukast til å førebu barne- og ungdomsarbeidaren og helsefagarbeidaren til yrkeslivet. Oppgåva kan løysast individuelt eller i gruppe.
Tenksam ung gut sit i graset inntil eit gjerde. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Case

Du jobbar i ein bustad for menneske med utviklingshemming. I denne bustaden bur Mohammed på 17 år. Han har diagnosen utviklingshemming, og ein går ut frå at graden er mellom moderat og djup. Mohammed har lite utvikla talespråk, men uttrykker glede og sinne gjennom kroppsspråk. Han har betydelege vanskar i samspelet med andre menneske.

Du skal vere med Mohammed på tur. Undervegs går de forbi ein butikk som han liker veldig godt å gå inn i. Butikken er stengd, men Mohammed vil likevel gå inn i butikken. Han byrjar å slå rundt seg og treffer deg. Han slår igjen og igjen, og du får ikkje stoppa han.

Spørsmål

  1. Kva vil du gjere i denne situasjonen?

  2. For å hindre at Mohammed slår deg og går til angrep på andre i nærleiken og skader dei, må du halde han til han blir roleg. Dette kan sjåast på som skadehindrande tiltak. Du tek frå han fridommen til å handle og bruker tvang og makt for å få han roleg. Kva har du lov til å gjere med tanke på kapittel 9 i helse- og omsorgstenestelova om bruk av tvang og makt overfor enkelte personar med psykisk utviklingshemming?

  3. Bruk av tvang er alltid eit etisk dilemma. Vi kan, og vi har nokre gonger lov, men bør vi bruke tvang? Diskuter med ein eller fleire medelevar bruk av tvang og makt i arbeidet med personar med psykisk utviklingshemming.

  4. Kva for nokre andre handlingsalternativ meiner du kan brukast i denne situasjonar? Beskriv og gi døme.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 03.06.2022

Læringsressursar

Miljøarbeid