Personen und Handlung im Film
Gå saman i par. Diskuter undervegs og høyr kvarandre – då lærer de meir!
Setningane i lista under står i tilfeldig rekkefølge, men om de ordnar dei logisk, får de eit samandrag av handling og personar i filmen. Gjer slik:
først hovudperson og utgangssituasjon
så hendingar i kronologisk rekkefølge
Praktisk tips: Kopier alle setningane over i eit eige dokument. Då kan de lett flytte dei i rett rekkefølge.
Øv på å gi eit munnleg samandrag av handlinga i filmen, først på norsk, så på tysk. Jobb i par og høyr kvarandre.
De kan bruke setningar frå oppgåve 2 om de vil. Dess fleire detaljar de får med, dess bedre.
Nedanfor finn de ei liste med tyske adjektiv. Sett dei om til norsk. Bruk gjerne ei digital ordbok.
Kva for adjektiv passar til kva person i filmen? Bruk adjektiva frå lista i oppgåve 3 og tildel kvar person passande adjektiv.
Finn minst eitt passande adjektiv til for kvar karakter i filmen.
Gå gjennom setningane i snakkehjelpa og sett dei om.
Gå saman med eit anna par og fortel kvarandre korleis de oppfattr personane.
Om der ikkje kunne uttrykka i snakkehjelpa frå før: Pugg dei! Dei er veldig nyttige.
Ta for dykk ein av dei tre diagnosane Tourettes syndrom, anoreksi og tvangsliding og finn informasjon om lidinga på nettet.
Bruk ei påliteleg norsk kjelde og noter fakta om årsak(er), vanlege symptom, utbreiing og behandling. Del informasjonen med resten av klassen.