Øv på verb med vokalskifte, adjektivbøying og på gloser til filmen Vincent will Meer. Jobb gjerne saman med ein medelev!
1 Verbbøying
Slå opp verba essen, fahren, nehmen, sehen, stehlen og sterben og finn ut korleis dei blir bøygde i presens (notid). Du treng desse verba når du skal skrive eller snakke om handlinga i filmen.
Om verb med vokalskifte
Det finst ei gruppe verb som får vokalskifte i presens (notid). Til denne gruppa høyrer mellom annaessen, fahren, laufen, nehmen, sehen, sprechen, stehlen, sterben.
Døme
ich spreche, du sprichst, er spricht, wir sprechen, ihr sprecht, sie sprechen
ich laufe, du läufst, er läuft, wir laufen, ihr lauft, sie laufen
Det er altså i andre person eintal (du) og tredje person eintal (han, ho, det) at verbet får vokalskifte.
2 Verbbøying
Øv på verb med vokalskifte i presens.
3 Substantiv og artikkel
Øv på substantiv du treng for å snakke om personar, ting og stader i filmen.
4 Beskrivande adjektiv
Repeter adjektiv som beskriv personane i filmen.
5 Adjektivbøying
Når adjektivet står framfor substantivet det beskriv, må det bøyast. Her får du øvd på grunnleggande adjektivbøying.
Samsvarsbøying av adjektiv
Når adjektivet står framfor eit substantiv, får det ei ending som viser at det høyrer saman med substantivet. Vi seier at adjektivet blir samsvarsbøygd.
Samsvarsbøying har vi også i norsk. Vi tek eit døme: ein snill far, ei snill dame, eit snilt barn, snille besteforeldre. Hankjønns- og hokjønnsord tek forma snill, inkjekjønnsord tek forma snilt og substantiv i fleirtalsform tek forma snille.
Tabellen nedanfor gir deg oversikt over nominativforma, som er namnet på subjektsforma i tysk. Pugg døma, så klarer du oppgåva fint – og du har lært meir tysk!
Substantiv og adjektiv i NOMINATIV (SUBJEKTSFORM)
Substantiv
Døme med adjektiv
Norsk omsetting
der Mann
ein netter Mann
ein hyggeleg mann
die Frau
eine nette Frau
ei hyggeleg dame
das Kind
ein nettes Kind
eit hyggeleg barn
die Leute (fleirtal)
nette Leute
hyggelege folk
6 Ordtilfang
Repeter ord og uttrykk frå filmtrailer og handlingsreferat.