Oversikt over undervisningsopplegget til filmen Die Welle.
Undervisningsopplegget
Vi har laga forslag til oppgåver og aktivitetar rundt filmen Die Welle.
Opplegget passar for elevar som tek andreåret med tysk 1, og for elevar som tek tysk 2.
Estimert tidsbruk for heile opplegget er omtrent 5 til 6 økter à 90 minutt. Opplegget kan fylle ein fagdag eller to–tre veker med vanleg undervisning i faget.
Sju artiklar og oppgåvesider
Die Welle: sjølve filmen, og ein tekst om filmen på tysk og norsk
Her finn du sjølve filmen og ein tekst om filmen. Filmen bygger på ei sann hending, og teksten gir elevane ein introduksjon til handlinga.
Det er lagt inn korte ordforklaringar i den tyske teksten slik at elevane kan sleppe å bruke ordbok. Her skal dei først og fremst skaffe seg informasjon og deretter gå vidare.
Nedst på sida finst det også ei norsk omsetting av teksten. La elevane først lese den tyske teksten kvar for seg. Be dei deretter jobbe i par og omsette teksten munnleg. Til slutt les elevane den norske teksten for å kontrollere at dei har forstått innhaldet.
Einstieg: Die Welle
Aktivitetar før elevane ser filmen
På denne sida finn du ein tekst og fire forslag til oppgåver som skal førebu elevane på handling og tema i filmen: ei diskusjonsoppgåve, to gruppeoppgåver og ei omgrepsoppgåve. Teksten gir viktig kunnskap om det historiske bakteppet for filmforteljinga. Estimert tidsbruk er 60 minutt.
Kva med å starte med eit eksperiment? Her nokre forslag:
Sei at skuleleiinga har bestemt at jentene får ansvar for at lys blir sløkte etter timen, at søppel ligg i søppelkassen og at dørene til klasseromma blir lukka. Diskuter reaksjonane etterpå.
Allier deg med ein elev. Be eleven ta fjernkontrollen eller tilkoplinga til smartboardet mens dei andre i klassen kan sjå det. Når du kjem inn i klasserommet, spør du kvar fjernkontrollen eller leidninga er. Sei at du sjekka før pausen at alt var i orden, og at du no ikkje får starta timen som planlagt. Spør om det er nokon i klassen som veit kvar fjernkontrollen/leidninga er. Diskuter så i klassen kvifor ein vil eller ikkje vil seie kven som har teke utstyret.
Elevane gjer dagens første oppgåver i grupper på tre. Eitt gruppemedlem blir utpeikt som leiar og skal ha ansvar for gruppa. Kvar gruppe får fem kjeks, og alle skal forsyne seg. Kven tek kjeks nummer 4? Ifølge eit eksperiment er det som regel den som har ansvar for gruppa. Høyr med elevane i etterkant om dei har fått same resultat.
1 Diskutieren
Elevane diskuterer kven som påverkar dei. Diskusjonen kan gå på norsk eller tysk, avhengig av språklege ferdigheiter, og elevane kan bruke ordbok for å finne relevante tyske ord og uttrykk.
2 og 3 Das Filmplakat und den Trailer beschreiben
Elevane jobbar i par eller små grupper med anten plakaten eller traileren. Gjer dei gjerne merksam på dei ekspanderbare boksane med nyttige ord og uttrykk, og be dei ta notat undervegs.
Når gruppene er ferdige, presenterer dei for kvarandre: Ei gruppe som har jobba med filmplakaten, presenterer for ei gruppe som har jobba med traileren, og omvendt, slik at alle blir aktiviserte.
4 Wichtige Begriffe
Her øver elevane på relevante politiske omgrep som dei møter i filmen eller har behov for når dei skal snakke om filmen.
Einstieg auf Norwegisch
Ein enklare og raskare inngang
Vel dette alternativet dersom du og klassen vil komme enkelt og raskt i gang med film og tema – på norsk.
1 Førsteinntrykket av personane i filmen
Her skal elevane sjå på eit kort filmklipp på tre minutt og diskutere og reflektere over personane som blir introduserte.
2 Inkludering og ekskludering
Også her skal elevane sjå eit kort filmklipp. Klippet tematiserer inkludering og ekskludering, og spørsmåla til klippa handlar om nettopp dette.
3 Viktige omgrep
Her øver elevane på relevante politiske omgrep som dei møter i filmen eller har behov for når dei skal snakke om filmen. Dei lærer omgrepa på norsk og på tysk.
Beobachtungsaufgaben
Observasjonsoppgåver
Dersom elevane skal levere ein enkel skriftleg tekst, er det lurt å la dei gjere oppgåve 3. Så kan dei eventuelt velje kva dei vil gjere i tillegg (anten oppgåve 1 eller oppgåve 2).
1 Wie bekommt man Macht?
Elevane skal notere døme frå filmen som viser dei tre grunnprinsippa til "Die Welle" i praksis. Dei skal bli klare over korleis maktforhold kan byggast heilt medvitent.
2 Staatsformen
Elevane skal ta notat til dei tre politiske styreformene som blir nemnde og diskuterte i filmen.
3 Steckbrief
Mens elevane ser filmen, skal dei observere ein av nøkkelpersonane og notere informasjon om vedkommande. Det kan vere lurt å sørge for at elevane vel ulike personar.
Når filmen er ferdig, bruker elevane notata sine og modellteksten på oppgåvesida til å skrive enkle setningar om personen dei har valt. Elevane kan gjerne skrive litt meir enn det som står i dømet.
Vis portrettbilda av hovudpersonar og nøkkelpersonar i filmen og fordel personane blant elevane. Personane på bilda er:
Rainer Wenger (lærar)
Tim (utsidar i klassen)
Lisa (medlem i "Die Welle",venninne med Karo)
Marco (populær og sporty gut i klassen)
Karo (kjæraste med Marco, kritisk til "Die Welle")
Sinan (gut med migrasjonsbakgrunn)
Kevin (den "slemme", ulydige guten i klassen)
Die Handlung im Film
Øvingar for å repetere gloser og handling
Etter å ha sett filmen kan elevane jobbe med oppgåver og aktivitetar på denne sida. Vi anbefaler at alle jobbar minimum med dei to første øvingane her slik at dei får repetert handlinga og viktige gloser. Øvingane gir elles eit godt grunnlag for å jobbe vidare med dei litt større skriftlege og munnlege oppgåvene.
1 Über den Film sprechen (på norsk)
Filmen gjer nok eit sterkt inntrykk på mange, og slutten er brutal. Her snakkar elevane saman i grupper og utvekslar kva dei noterte mens dei såg filmen.
2 Die Handlung im Film (glosekort tysk–norsk)
Elevane repeterer handlinga i filmen og viktige gloser ved å lese og omsette tyske setningar til norsk i par.
3 Sprache üben
Her jobbar elevane med interaktive øvingar. Dei skal t.d. velje riktig ordklasse, ord eller tidsform av verbet. Glosene i øvingane er temagloser elevane har bruk for når dei jobbar med andre oppgåver.
4 Begriffe raten
Formålet med oppgåva er å øve på sentrale ord frå filmen. Når ein er ferdig og har snudd alle korta, kan ein snu glosekorta tilbake andre vegen og prøve å forklare orda på tysk. Oppgåva førebur elevane på Jeopardy-spelet.
5 Jeopardy
Her er eit spel som eignar seg til å avslutte arbeidet rundt filmen. Forutan å ha det gøy er målsettinga med spelet å øve seg på å stille spørsmål. Samtidig får elevane repetert ein del viktige omgrep frå øving 4.
På denne sida finn elevane seks oppgåver å velje mellom. Nokre oppgåver er enklare, andre meir utfordrande, og dei fleste oppgåvene krev at elevane jobbar munnleg og skriftleg.
Oppgåvene kan løysast individuelt, i par eller i treargrupper, og dei eignar seg godt til undervegsvurdering og prosessorientert arbeid.
1 Plakat eller tankekart
Elevane lagar ein plakat eller eit tankekart om filmen og forklarer bilde og nøkkelord munnleg. Vinkling (tema, handling, enkeltpersonar osb.) vel dei sjølv. Det er lagt til språkstøtte i form av nyttige fraser og uttrykk.
2 Personleg vurdering av filmen
I denne oppgåva skal elevane øve inn ein samtale om filmen. Dei skal uttrykke eigne meiningar og grunngi dei.
Avslutningsvis kan dei framføre samtalen for eit anna elevpar mens læraren går rundt og lyttar, eller dei kan gjere eit opptak av samtalen og levere det til læraren.
3 Podkast
Elevane skal lage ein podkast til temaet inkludering/ekskludering. Dei finn forslag til spørsmål og noko språkstøtte på oppgåvesida.
4 Dialog
Dette er ei noko enklare oppgåve. Elevane skal komplettere ein dialog med passande replikkar. Oppgåvetypem er m.a. vanleg til eksamen.
5 Allmøte på skulen
Dette er også ei oppgåve der elevane skal lage ein samtale, men her skal dei lage heile samtalen og ta omsyn til krav om innhald og lengde.
6 President for éin dag
Ei fri skriveoppgåve som kan passe godt for kreative elevar med relativt gode språklege ferdigheiter.
Vurdering
Forslag til vurderingssituasjonar
Fleire av oppgåvene i dette undervisningsopplegget eignar seg til bruk i undervegsvurdering og/eller mappevurdering. Elevane kan også få beskjed om å førebu seg til ein fagsamtale der dei får spørsmål om filmen og skal reflektere rundt læringsprosessen. Døme på spørsmål som elevane kan førebu seg på:
Wie fandest du den Film? Begründe deine Antwort.
Was passiert im Film? Erzähle!
Welche Person hast du dir näher angeschaut? Beschreibe sie.
Welche Filme oder Serien siehst du gern?
Kannst du mir einen guten Film empfehlen?
Welche Aufgabe hat dir am besten gefallen? Warum?
Was hast du gelernt?
Welche neuen Wörter kannst du jetzt?
Forslag til enkelt og morosamt avbrekk
Lek "Kongen befaler" på tysk! Det tyske namnet på denne leiken er "Kommando Pimperle".
Læraren (eller ein elev) er kommandant Pimperle og kan befale kva alle skal gjere.
Viss kommandanten bruker ordet "Kommando" i forkant av ein ordre, skal han utførast. Viss kommandanten berre seier sjølve ordren, skal han ikkje utførast.
Øv inn kommandoane på førehand. Start eventuelt med to–tre kommandoar og utvid lista etter kvart:
Kommando Pimperle! (Elevane trommar med peikefingrane på pultkanten.)
Kommando Flach! (Elevane strekker ut armane og legg hendene på bordet, med handflatene ned.)
Kommando Hoch! (Elevane strekker armane høgt over hovudet.)
Kommando Faust! (Elevane knyter nevane og legg dei på bordet.)
Kommando Auf! (Elevane reiser seg.)
Kommando Setzen! (Elevane set seg.)
Døme
Kommandanten seier i nokså raskt tempo: "Kommando Pimperle! Kommando Pimperle! Kommando Pimperle! Kommando Auf! Setzen!" Då skal elevane først tromme med pekefingrane på pultane sine, deretter reise seg, men ignorere den siste kommandoen om å sette seg.