Hopp til innhald
Førelesing og presentasjon

Adjektivbøying 2: akkusativ

Repeter adjektivbøying i nominativ og lær om adjektivbøying i akkusativ. Nominativ er forma til subjektet og predikativet, akkusativ er forma til det direkte objektet.

Øving 1: Repeter fagomgrep og adjektiv i nominativ.

Nominativ og akkusativ

Adjektivet må altså få samsvarsbøying når det står framfor substantivet. Men i tysk må vi passe på litt meir enn kjønn og tal på substantivet. Vi må også sjekke om substantivfrasen er subjekt eller objekt i setninga. Samanlikn:

Der rote Mantel ist cool.

Ich kaufe den roten Mantel.

Die gelbe Tasche ist teuer.

Ich kaufe die gelbe Tasche.

Das blaue Kleid ist neu.

Ich kaufe das blaue Kleid.

Die neuen Sneakers sind bequem.

Ich liebe die neuen Sneakers.

Das ist ein roter Mantel.

Ich kaufe einen roten Mantel.

Das ist eine gelbe Tasche.

Ich kaufe eine gelbe Tasche.

Das ist ein blaues Kleid.

Ich kaufe ein blaues Kleid.

Das sind neue Sneakers.

Ich kaufe neue Sneakers.

Finn ut

  1. Kva substantivfrasar i tabellen står i nominativ (subjektskasus)?
  2. Kva substantivfrasar står i akkusativ (kasusen til det direkte objektet)?
  3. Kvar er det forskjell mellom nominativ- og akkusativ-formene?

Svar
  1. Substantivfrasane i setningane i venstre kolonne står i nominativ. I dei fire første setningane er substantivfrasen subjekt i setninga. I dei fire siste setningane er das subjekt, medan substantivfrasen er predikativ.
  2. Substantivfrasane i setningane i høgre kolonne står i akkusativ.
  3. Det er berre i akkusativ eintal av hankjønnsord at det er forskjell mellom nominativ- og akkusativform. Elles er nominativ- og akkusativformene heilt like. (Jippi!)

Øving 2: Bestemt artikkel + adjektiv + substantiv

Innprent deg døma i tabellen og løys deretter dei interaktive øvingane.

Hankjønn

Hokjønn

Inkjekjønn

Fleirtal

Nominativ

der rote Mantel

die gelbe Tasche

das blaue Kleid

die neuen Sneakers

Akkusativ

den roten Mantel

die gelbe Tasche

das blaue Kleid

die neuen Sneakers

Øving 3: Ubestemt artikkel + adjektiv + substantiv

Innprent deg døma i tabellen og løys deretter dei interaktive øvingane.

Hankjønn

Hokjønn

Inkjekjønn

Fleirtal

Nominativ

ein roter Mantel

eine gelbe Tasche

ein blaues Kleid

neue Sneakers

Akkusativ

einen roten Mantel

eine gelbe Tasche

ein blaues Kleid

neue Sneakers

Øving 4: Akkusativ

Innprent deg døma i tabellen og gjer deretter vendekort-øvinga. Jobb gjerne saman med ein medelev!

Akkusativ

Hankjønn

Hokjønn

Inkjekjønn

Fleirtal

Ubestemt form

einen neuen Hut

eine neue Jeans

ein neues Hemd

neue Schuhe

Bestemt form

den neuen Hut

die neue Jeans

das neue Hemd

die neuen Schuhe

CC BY-SA 4.0Skrive av Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 10.11.2019