Førelesing og presentasjon
Preteritum av "sein" og "haben"
To verb som du ikkje kan klare deg utan.
Sein (å vere) og haben (å ha) er dei mest brukte verba i det tyske språket. Både presensformene ist og hat og preteritumsformene war og hatte høyrer til dei hundre mest brukte orda i tysk. Veldig få andre verb er med på denne eksklusive lista. Derfor er det smart å lære seg å bøye sein og haben i presens og preteritum!