Hopp til innhald
Oppgåve

Grammatikmix

Repeter grammatikken frå leksjon 7: presens perfektum, preteritum av haben og sein, og leddsetningar i tysk.

Øving 1: Bøying av hjelpeverba haben og sein

  1. Gjer utfyllingsøvingane.
  2. Omsett setningane til tysk. Dette er gloser som du har lært til no og som du skal kjenne til.

Øving 2: Presens perfektum av regelrette verb

  1. Gjer øvinga.
  2. Omsett til norsk og sjekk at du forstår alle orda.

Øving 3: Verb med perfektum partisipp utan ge-

Øving 4: Sein som hjelpeverb

Kva for verb tar sein som tidshjelpeverb i presens perfektum?

Fasit
  • Rørsleverb, som gehen, kommen, fahren, spazieren
  • Verbet sein (å vere): Ich bin gestern in der Schule gewesen.

Øving 5: Haben eller sein?

Øving 6: Uregelrette verb i presens perfektum

Dei femten uregelrette verba i denne øvinga har du alle møtt i dei første sju leksjonane. Dei er mykje brukte, og du bør kunne dei godt. Øv på dei til dei "sit".


Øving 7: Viktig å vite om leddsetningar

  1. Kva er ei leddsetning?
  2. Kva er jobben til ein subjunksjon?
  3. Kva tyder subjunksjonane weil, dass, wenn og ob på norsk?
  4. Weil, dass, wenn og ob innleiar ulike typar leddsetningar. Veit du kva for nokre?
  5. Kvar er plassen til det bøygde verbet i tyske leddsetningar?
Fasit
  1. Ei leddsetning er ei usjølvstendig setning. Ho kan ikkje stå aleine, men er del av ei heilsetning.
  2. Jobben til ein subjunksjon er å innleie leddsetningar.
  3. Weil – fordi, dass – at, wenn – når, dersom, ob – om
  4. Weil – årsakssetning, dass – indirekte tale, wenn – tids- eller vilkårssetning, ob – indirekte spørsmål
  5. I tyske leddsetningar står det finitte (bøygde) verbet heilt sist.

Øving 8: Setningsbygnad

Øving 9: Årsakssetningar

Øving 10: Preteritum av sein og haben

Presens perfektum er den vanlege fortidsforma i munnleg tysk, med unntak av verba sein og haben. Vi bruker til vanleg preteritumsforma av desse to verba.

CC BY-SA 4.0Skrive av Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 20.10.2019