Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Was machen die Deutschen in ihrer Freizeit?

Oppgåver til teksten "Was machen die Deutschen in ihrer Freizeit?"
Syklist med stor ryggsekk på tur i landlege omgivingar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Aufgabe 1

Lesen und verstehen Lese og forstå

  1. Les og omsett overskriftene. Kva er det overordna emnet i teksten? (Eitt ord er nok!)
  2. Bla gjennom bildesekvensen. Noter på norsk kva slags aktivitetar bilda viser.
  3. Les og omsett all skriftleg tekst, gjerne i samarbeid med ein medelev. Slik kan de få til eit effektivt samarbeid: Den eine har gloselista på skjermen sin, den andre teksten. Skriv gjerne ned omsettinga for hand først. Dess mindre klikking og byting av skjermbilde, dess meir uavbrote og effektivt får de jobba – og dess mindre stressande blir arbeidet!

Teksten "Was machen die Deutschen in ihrer Freizeit?"

Gloselista til teksten

Aufgabe 2

Schlüsselwörter Nøkkelord

  1. Kva vil du seie er dei ti viktigaste nøkkelorda eller -uttrykka i denne teksten? Lag ei punktliste.
  2. Samanlikn deretter lista di med lista til naboen. Argumentér for lista di om nødvendig! Kvifor er nøkkelorda dine viktig(ast)?
  3. Presenter og diskuter nokre forslag i klassen.

Aufgabe 3

Und die Norweger? Kva med nordmennene?

Teksten du har lese, handlar om tyske forhold. Kva med norske fritidsvanar? Gjer nordmennene som tyskarane? Skriv ein kort kommentar på tysk til kvart punkt nedanfor.

Skrivehjelp:

  • Ich glaube, die Norweger ...
  • Ich denke, die Norweger ...
  • Die Norweger gehen/machen/usw. auch ...
  • ..... ist in Norwegen auch/nicht beliebt.
  1. Die Deutschen gehen gern spazieren, aber nicht oft.
  2. Die Deutschen machen gern einen Einkaufsbummel, aber nicht oft.
  3. Die Deutschen sitzen oft zu Hause sehen fern.
  4. Die Deutschen sitzen oft vor dem Computer.
  5. Das Fernsehen ist Hobby Nummer eins in Deutschland.
  6. Die Deutschen trinken gern Kaffee. Sie essen Kuchen zum Kaffee.
  7. Die meisten Deutschen sind heute online. Auch immer mehr ältere Menschen sind online.
  8. Viele Deutsche machen gern Gartenarbeit.
  9. Nur die Hälfte der Deutschen geht ins Theater, in die Oper oder in ein Klassikkonzert.
  10. Viele Deutsche streamen Musik.
CC BY-SASkrive av Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 20.12.2017

Læringsressursar

Land und Leute