Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Diftongane eu og äu

Øv på å uttale tysk eu og äu. Repeter også uttalen av nokre andre diftongar og bokstavkombinasjonar.

Lik uttale – men skriftbildet bedrar

Diftongane eu og äu kunne tyskarane i grunnen like godt ha skrive oi, for det er omtrent slik begge to blir uttalte: Dei begynner med ein lang å-lyd som går over i ein kort i-lyd.

Dermed skil tysk eu og äu seg litt fra oi i det norske utropet oi!, for i norsk oi er det motsett: Den første lyden er kort, medan den andre lyden er lengre og blir uttalt som ein j-lyd.

NB! Det er greitt å vite at au og äu er "i familie". Dersom grunnforma av eit ord blir skriven med au, kan det ofte dukke opp ein äu i bøyingsformene og i beslekta ord:

  • Haus – Häuser – Häuschen (hus – fleire hus – lite hus)
  • Traum – träumen – der Träumer (draum – drøyme – drøymaren)

For språkinteresserte: Äu er såkalla omlyd av au.

Øving

Lytt og snakk sjølv.

CC BY-SASkrive av Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 05.07.2018

Læringsressursar

Diftongar