Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Diftongane ei og ai

Øv på uttalen av tysk ai og ei. Dei to diftongane har heilt lik uttale i tysk.

Ei og ai i tysk

På norsk uttaler ein diftongane ei og ai forskjellig. Slik er det ikkje på tysk. Her har ei og ai heilt lik uttale, og uttalen liknar mest på (sør)norsk ei.

Men uttale er éin ting, og betydning ein annan. Samanlikn:

  • Laib – Leib (heilt, stort brød : kropp)
  • Main – mein, (elva Main : eigedomsordet min)
  • Saite – Seite (streng på et instrument : side)

Dei tyske orda blir altså uttalte likt, men dei har ulik betydning.

I namn skriv ein ei og ai av og til som ey eller ay: Dieter Meyer aus Bayern.

Øving

Lytt, kjenn att og gjenta.

CC BY-SASkrive av Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 05.07.2018

Læringsressursar

Diftongar