Hopp til innhald
Øving

Preteritum perfektum

Lær om tidsforma preteritum perfektum (pluskvamperfektum, før-fortid).

Preteritum perfektum – eller pluskvamperfektum

Preteritum perfektum blir også kalla pluskvamperfektum. Tidsforma uttrykker "før-fortid": Når vi fortel om to hendingar som har skjedd etter kvarandre, bruker vi før-fortid om det som skjedde først, og preteritum om det som skjedde etterpå.

Vi dannar preteritum perfektum med preteritumsforma av haben eller sein og hovudverbet i perfektum partisipp:

  • Nachdem sie die Hausaufgaben gemacht hatte, ging sie zum Training. Etter at ho hadde gjort leksene, drog ho på trening.

  • Er musste noch mal zurück, denn er hatte seinen Schlüssel vergessen. Han måtte dra tilbake, for han hadde gløymt nøkkelen sin.

  • Die Schüler waren gespannt, denn sie waren noch nie in Hamburg gewesen. Elevane var spente, for dei hadde aldri vore i Hamburg før.

  • Der Junge weinte, weil er seinen Ball verloren hatte. Guten gret fordi han hadde mista ballen sin.

Øving 1: Årsaksforklaringar (og litt repetisjon)

Gjer øvingane. Omsett òg alle setningane munnleg til norsk medan du jobbar.

Øving 2: Enkel munnleg trening

Jobb gjerne i par:

  • A les setningane slik dei står og omset dei til norsk.
  • B gjer om til preteritum og preteritum perfektum slik som i eksempelet.
  • A kontrollerer mot fasit og les svaret høgt.
  • Byt roller for kvart kort.

Treng de ei litt større utfordring, vel øving 3 i staden. Eller start med øving 2 og gjer deretter øving 3.

Øving 3: Preteritum perfektum – og leddsetningar

Éin ting meir å tenke på – både rett verbform og rett verbplassering.

CC BY-SA 4.0Skrive av Anna Maria Holvik.
Sist fagleg oppdatert 31.03.2020