Hopp til innhald

Fagstoff

Sløkkjemiddel

På arbeidsplassar finst det ulike sløkkjemiddel. Det er viktig at du har god kunnskap om kva sløkkjemiddel som er eigna for ulike typar brannar. Du må òg vite korleis dei ulike brannsløkkingsapparata skal brukast, og korleis du varetek din eigen tryggleik.

Eigentryggleik

Førsteprioriteten er å redde liv og å varsle, om det er naudsynt.

Viss det er forsvarleg, må vi deretter prøve å sløkkje brannen eller avgrense brannutviklinga. Kunnskap om sløkkjemetodar er viktig for å kunne velje rett sløkkjemiddel.

Varmen og dei giftige gassane stig, derfor bør vi huke oss ned når vi nærmar oss brannen. Ofte gjer vi det automatisk for å skjerme oss mot varmen.

Brannsløkkingsapparat

Eit brannsløkkingsapparat er eit godt verktøy for å sløkkje brann. Det er ein behaldar med eit sløkkjemiddel og ein trykksett gass. Før bruk må vi sjekke trykkmålaren på apparatet og sjå om trykket er tilfredsstillande.

For å nytte apparatet må vi fjerne sikringa. Apparatet er sikra med ein splint. Splinten kan vere litt hard å dra ut, så eit tips er å leggje apparatet ned på bakken. Når splinten er dregen ut, er ventilen på apparatet open, og sløkkjemiddelet vil kome ut når du klemmer på handtaket.

Merking av brannsløkkingsapparat

Brannsløkkingsapparat er merkte med bokstavkodar for kva typar brannar dei er best eigna til å sløkkje. Det er ofte kombinasjonar av fleire bokstavar.

Foto av eit brannsløkkingsapparat.

Legg merke til at sjølv om sløkkjemidla er merkte med éin bokstav, kan dei likevel ha god sløkkjeeffekt på fleire branntypar. Dette er gjerne merkt med tekst.

A – brann i organiske stoff og fibrøst materiale som treverk, klede og papir

B – væskebrannar i bensin, olje, sprit og måling

C – gassbrannar med butan og propan

D – brannar i metall

E – elektriske brannar

F – frityrbrannar

Vatn

Vatn er det vanlegaste sløkkjemiddelet og er svært allsidig. Det både kjøler og kveler. Dersom det blir omdanna til vassdamp, vil det utvide seg 750–1500 gonger og ha ein kvelande effekt. Vatn er det mest nytta sløkkjemiddelet mot brannar i møblar, tekstilar, treverk og anna fibrøst materiale.

Brannslange

Foto av ein brannslange.

Dei fleste brannslangar er 25–30 meter lange og er oftast monterte på tromlar inne i slangeskap. Dei blir betente ved å opne ein ventil ved overgangen mellom slangen og røyrsystemet. Beveg deg mot varmen, og drei på munnstykket i vist retning i god tid før du kjem fram til brannen, for å vere sikker på at det verkar.

Ved å dreie på munnstykket kan du variere strålen mellom smal stråle med lang rekkjevidd og vifteforma stråle med kort rekkjevidd. Rett strålen mot kjernen til brannen, beveg strålen roleg. Vifteforma stråle er oftast mest effektiv. Då legg vatnet seg som eit lokk over brannen. Vatnet blir omdanna til damp som både kjøler og kveler samtidig som han skjermar deg noko mot varmestrålinga.

Vasståke-/watermist-apparat

Brannsløkkingsapparat med vasståke sprøytar ut små vassdropar som raskt blir omdanna til damp. Vasståka gir ingen skadar ved bruk og kan til dømes brukast på elektronisk utstyr. Ulempa med apparatet er at det har avgrensa rekkjevidd og brukstid med sløkkjeeffekt.

For å nytte sløkkjeapparatet må du trekkje ut sikringssplinten med eit rykk. Ta i berehandtaket og løft slangen ut frå festa på kolben. Hald godt i handtaket på slangen og ta eit lite prøvetrykk før du bevegar deg mot flammane. Rett strålen mot kjernen av brannen og beveg strålen etter behov.

Pulverapparat

Pulverapparat eignar seg for brannar i kategoriane A, B og C. Apparata har ei rekkjevidd på ca. 4–8 meter. Det betyr at vi kan ha litt avstand til brannen når vi byrjar å sløkkje, viss det er nødvendig.

Fjern sikringa og test apparatet før du går fram til brannen. Begynn på noko avstand, sidan trykket kan kaste brennande materiale utover området og spreie brannen. Legg ein pulversky over flammane og rett så strålen mot kjernen til brannen (glødeområdet). Når flammane dempar seg, kan du gå nærare flammane.

Hugs at pulver ikkje kjøler, men kveler. Brannen kan dermed blusse opp igjen viss han ikkje blir kjølt ned, og derfor kan det vere behov for å ettersløkkje med vatn.

Bruk av pulverapparat kan medføre mykje reingjering og noko øydeleggingar. Nokre pulvertypar som kjem i kontakt med vatn, vil verke etsande på metall.

Skumapparat

Skumapparat eignar seg for brannar i kategoriane A, B og E (opp til 1000 V). Apparata har ei rekkjevidd på ca. 3–5 meter. Når du skal nytte eit skumapparat, må du, som ved pulverapparat, begynne med å fjerne sikringa og teste apparatet før du går fram til brannen. Start sløkkinga frå litt avstand, rett strålen mot glødeområdet. Beveg strålen roleg etter behov.

I motsetning til pulver gir skum ein viss kjøleeffekt. Men effekten er avgrensa, så det vil òg ved bruk av skum som oftast vere behov for ettersløkking for å kjøle ned meir.

Vassfilmdannande skumvæske (AFFF – aqueous film forming foam)

Vassfilmdannande skumvæske blir nytta på same måte og mot same typar brannar som vanleg skum. Forskjellen er at dette skummet dannar ein film som legg seg over brannen og hindrar brannen i å blusse opp igjen ved å hindre tilgangen til oksygen.

CO2-apparat

Karbondioksidapparat (CO2-apparat) eignar seg for brannar i kategori B og E. Karbondioksid kveler brannen ved å fortrengje oksygenet, men har ingen masse som legg seg over flammane. Det er derfor svært flyktig og vanskeleg å nytte utandørs når det er vind.

For å sløkkje brannen startar vi, som med resten av apparata, med å avsikre og teste apparatet. Deretter må vi tett innpå flammane, på grunn av kort rekkjevidd. Rett strålen mot flammane og glødeområdet. Det krevst ofte aktiv jobbing med strålen for å oppnå full sløkkjeeffekt.

Karbondioksid etterlèt seg ingen andre skadar enn lokal kulde. Med ein temperatur på minus 77 grader kan han gi frostskadar på hud og auge.

Frityrsløkkjar

Vi må aldri sløkkje brann i frityr med vatn, sidan vatnet trekkjer ned i frityren og gir ei kraftig eldkule. Brann i frityr må kvelast, til dømes ved å leggje på eit lokk.

Branntilløp i vegetabilske matoljer, som frityr, kan òg sløkkjast med handsløkkjeapparat merkte med F. For å nytte apparatet begynner vi med avsikring og funksjonstest.

Gå tett på brannen, sidan apparatet har lita rekkjevidd. Apparatet har ei røyrstong festa til slangen for å få litt avstand til brannen, redusere tømmehastigheita og fordele sløkkjemiddelet mjukt og mest mogleg effektivt.

Sløkkjemiddelet reagerer med feittet og utviklar eit skumteppe. Vatnet i sløkkjemiddelet fordampar og kjøler ned frityren og behaldaren det brenn i. Ei oppløysing i sløkkjemiddelet reagerer med feittet og utviklar CO2, som er med på å kvele brannen. Det blir tilrådd å bruke heile innhaldet i apparatet, då det førebyggjer påtenning på nytt.

Brannteppe

Foto av eit brannteppe.

Brannteppet kveler flammar og blir ofte nytta på kjøkken for å sløkkje brann i kjelar. Det kan òg nyttast når det brenn i klede på menneske.

Legg teppet over eller rundt det som brenn, og tett godt rundt slik at ikkje oksygen slepp til. Pass på å leggje teppet slik at du "skyv" flammane vekk frå deg. Dersom det brenn på ein person, få han eller henne ned på bakken og begynn med å leggje på teppet ved halsen og "skyv" flammane vekk frå ansiktet. Det er svært viktig at ein skjermar ansiktet frå flammane!

Ved å pakke brannen inn i eit brannhemmande stoff som dette teppet hindrar ein oksygen i å sleppe inn til brannen, og brannen sløkk. Evna brannteppet har til å stengje for oksygen kan ringast raskt, avhengig av varmen brannen gir.


Tenk over

  • Kva er førsteprioriteten når vi vurderer sløkkjeinnsats?
  • Kvifor blir det tilrådd at vi gjer ein enkel test av sløkkjemiddelet før vi går fram til brannen?
  • Kva sløkkjemiddel vil du ta med deg til eit hotellrom der røykdetektoren er utløyst?

Relatert innhald

Automatiske brannsløkkjeanlegg kan punktbeskytte eller totalbeskytte rom. Her får du ei oversikt over dei vanlegaste brannsløkkjeanlegga.

CC BY-SASkrive av Pål-André Hansen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 02.02.2022

Læringsressursar

Brannteori og brannøving