Hopp til innhald

Fagstoff

Krav til brannvernarbeid

Kva krav blir stilte til brannsikkerheita i verksemder?

Krav til brannvernarbeidet

For å kunne utføre sikkerheitsarbeid på ein god nok måte må vi kjenne til kva verdiar vi skal verne, og kva vi skal verne dei mot. Når det er brann vi skal verne mot, vil den høgaste verdien alltid vere menneskeliv.

Alt sikkerheitsarbeid må vere forankra i risikovurderingar. I ei risikovurdering ser vi på kva krav som blir stilte til verksemda vi skal verne, og kva konsekvensane kan bli dersom vi ikkje oppfyller krava.

Førebyggjande brannvernarbeid

Hald deg alltid orientert om

  • rømmingsvegar
  • sløkkjeutstyr (plassering/type/bruk)
  • handmeldarar for brann
  • spesielle branninstruksar
  • tekniske brannverntiltak

Dagleg brannvernarbeid

Sjå etter moglege brannårsaker og varsle ved avvik, til dømes

  • skade på elektrisk utstyr
  • brannskadar på inventar
  • skade på brannvarslingsanlegg
  • skadar på sløkkjemiddel
  • sløkkjemiddel som er fjerna eller sperra inne
  • brentlukt
  • sikringar som går

Ikkje sperr rømmingsvegar.

Ikkje legg noko over omnar eller andre elektriske installasjonar.

Krav i lover og forskrifter

Å følgje relevante lover med tilhøyrande forskrifter er ei viktig prioritering for alle bedrifter. Det finst fleire lover og forskrifter som dekkjer ulike typar arbeidsplassar. For å sikre at vi som bedrift oppfyller dei krava som gjeld for oss, må vi følgje opp brannvernarbeidet på ein systematisk måte. Det er òg viktig å vere klar over at krav til brannvernarbeidet finst fleire stader enn i lovverket.

Krav til dokumentasjon av brannsikkerheit

Det blir stilt strenge krav til dokumentasjon av brannsikkerheit, og spesielle krav blir stilte til særskilde brannobjekt. Krava vil variere frå bygg til bygg. Krav til dokumentasjon kan mellom anna omfatte

  • planteikningar

  • oversikt over rømmingsvegar

  • tekniske og fysiske tiltak

  • oversikt over vedlikehaldsrutinar

  • internkontrollar

  • opplæring

  • øvingar

  • andre kontrollar og servicar knytte til brannsikkerheit

Å ha ein branninstruks for tilsette er eit lovkrav. Formålet med ein branninstruks er å redusere både sannsynet for og konsekvensane av branntilløp.

Alle tilsette i bedrifta skal ha opplæring i brannsikkerheita på bygget der dei jobbar. Deltidstilsette skal ha informasjon om det same.

Andre krav

Forsikringsselskapa krev at vi følgjer lova, men i tillegg stiller dei sjølv ofte strengare krav enn lova gjer. Ei bedrift som berre følgjer lovteksten og ikkje ser på kva krav forsikringsselskapet stiller, risikerer å ikkje få utbetalt heile forsikringssummen dersom noko skjer.

Viss vi som bedrift både følgjer lover og forskrifter og oppfyller krava frå forsikringsselskapet, så tilfredsstiller vi vel alle krav? Ikkje nødvendigvis. Kva med leverandørane våre? Kan dei stille krav til bedrifta som kunde? Ja. Ein leverandør kan til dømes seie at garantien for at varmeomnen deira er trygg å bruke, berre gjeld dersom vi oppfyller krava til reinhald, vedlikehald og bruk.

Også kundane til bedrifta kan stille krav til brannsikkerheita. Til dømes kan store firma stille visse krav til HMS-arbeidet ved eit hotell for at dei skal velje hotellet som fast overnattingsstad for sine tilsette.

Til slutt har vi dei interne sikkerheitskrava som bedrifta sjølv stiller.

Vi må altså ha kontroll over krav frå

  • lover og forskrifter
  • forsikringsselskap
  • leverandørar
  • kundar
  • bedrifta sjølv (interne krav)

Kjelder til krav i arbeidet med brannvern

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap. (2020, mars). Veiledning til forskrift om brannforebygging. https://www.dsb.no/lover/brannvern-brannvesen-nodnett/veiledning-til-forskrift/veiledning-til-forskrift-om-brannforebygging

Internkontrollforskrifta. (1996). Forskrift om systematisk helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid i virksomheter (FOR-1996-12-06-1127). Lovdata. https://lovdata.no/forskrift/1996-12-06-1127

El-tilsynslova. (1929). Lov om tilsyn med elektriske anlegg og elektrisk utstyr (LOV-1929-05-24-4). Lovdata. https://lovdata.no/lov/1929-05-24-4

Forsikringsavtalelova. (1989). Lov om forsikringsavtaler (LOV-1989-06-16-69). Lovdata. https://lovdata.no/lov/1989-06-16-69




Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Pål-André Hansen. Rettshavarar: Amendor AS og NKI Forlaget
Sist fagleg oppdatert 07.02.2022

Læringsressursar

Brannteori og brannøving