Dokumentasjon av internkontroll
Det er ulike krav til korleis internkontrollen skal dokumenterast, ut frå kva art verksemda har, kva aktivitetar ho driv, korleis risikoforholda er, og kor stor ho er. På nokre område er det krav om skriftleg dokumentasjon.
Dokumentasjon som følgjer av krav i eller i medhald av HMS-lovgivinga, til dømes instruksar, løyve, kompetansebevis, sertifikat o.l., skal inngå.
Du kan sjå kva krav som gjeld, i skjemaet nedanfor.
Det skal dokumenterast at | Krav til dokumentasjon |
---|---|
1) lover og forskrifter innanfor HMS, som gjeld verksemder, er tilgjengelege for alle, og at bedrifta har oversikt over dei krava som er særleg viktige for verksemda | ingen spesielle |
2) arbeidstakarane har tilstrekkeleg med oppdaterte kunnskapar om og ferdigheiter i det systematiske HMS-arbeidet på arbeidsplassen | ingen spesielle |
3) arbeidstakarane medverkar, slik at den samla kunnskapen og erfaringa i verksemda blir utnytta | ingen spesielle |
4) det er fastsett mål for helse, miljø og tryggleik | skriftleg |
5) bedrifta har oversikt over organiseringa av verksemda og korleis ansvar, oppgåver og mynde i arbeidet med HMS er fordelt | skriftleg |
6) farar og problem er kartlagde, og at ein på bakgrunn av kartlegginga vurderer risiko og utarbeider tilhøyrande planar og tiltak for å redusere risikoforholda | skriftleg |
7) det er sett i verk rutinar for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på reglar innanfor HMS-lovgivinga | skriftleg |
8) det blir gjennomført ei systematisk overvaking og gjennomgang av internkontrollen for å sikre at han fungerer | skriftleg |
9) krav til dokumentasjon i HMS-lovgivinga er følgde – til dømes instruksar, løyve, kompetansebevis og sertifikat | skriftleg |