Hopp til innhald
Fagartikkel

Krav til alle arbeidsgivarar

Alle arbeidsgivarar har plikt til å følgje regelverket for helse, miljø og sikkerheit (HMS). Det ein fordel å vite kvar du finn lover og reglar som gjeld for bransjen din. HMS-arbeidet skal vere tilpassa storleiken og eigenarten til verksemda og produkta og tenestene verksemda tilbyr.

Kva krav blir stilte til arbeidsgivarar?

På nettsida til Arbeidstilsynet finn du informasjon om viktige krav innanfor HMS som alle arbeidsgivarar må følgje.

Viktige område er:

  • fast tilsetjing, skriftleg arbeidsavtale
  • forbod mot diskriminering på grunn av alder, seksuell orientering, politiske oppfatningar og medlemskap i fagforeiningar eller politiske organisasjonar
  • yrkesskadeforsikring for alle tilsette i samsvar med lov om yrkesskadeforsikring (staten har eiga ordning)
  • spesielle omsyn til gravide, småbarnsforeldre og ungdom under 18 år
  • utforming av arbeidsplassar og arbeidslokale
  • arbeid ved dataskjerm
  • psykisk miljø, til dømes stress, mobbing, omstilling og varsling

Arbeidstilsynet

Arbeidstilsynet legg premissane for arbeidet med helse, miljø og tryggleik i verksemdene. Samfunnsoppdraget til Arbeidstilsynet er gitt av Stortinget, og tilsynet følgjer opp at arbeidsgivarar følgjer lovgivinga.

Har du fått ny ekstrajobb og vil vite kva som gjeld for ungdom i arbeidslivet? Korleis er eigentleg gongen i ei oppseiing? Kva er oppgåvene til verneombodet?

På heimesida til Arbeidstilsynet finn du fakta, brosjyrar, rettleiingar og skjema som er nyttige for både tilsette og arbeidsgivarar. Her kan du finne fram i regelverket, og du finn informasjon om både fysisk og psykisk arbeidsmiljø. I tillegg kan du finne utskriftklare skjema og dokument, mellom anna ein standard arbeidsavtale.

Lov om yrkesskadeforsikring

Arbeidsgivarar skal teikne yrkesskadeforsikring for sine tilsette. Folketrygdlova definerer yrkesskade eller yrkessjukdom som yrkesskadeforsikringa skal dekkje. Skade og sjukdom som følgjer av ulykker eller påverknad av skadelege stoff, skal òg dekkjast.

Yrkesskadeforsikringa skal teiknast privat, det vil seie at krav om erstatning skal rettast til forsikringsselskapet til pasienten. Forsikringa skal dekkje både inntektstapet og påførte utgifter. På lovdata.no finn du den fullstendige lova.

Relatert innhald