Skrivebordsøving i beredskap
No skal de få prøve dykk på denne skrivebordsøvinga sjølve. Gå saman i grupper på 2–8 personar og tenk dykk at de utgjer krisestaben i ein beredskapsorganisasjon. Det er ein fordel å vere fleire, for då kan de få fleire innspel til korleis situasjonen de tek utgangspunkt i, utviklar seg. Det løner seg å føre ein detaljert logg undervegs.
Tenk på:
- Ein har kanskje ikkje tid til å leite etter ein tiltaksplan i ei krise. Tiltaka de føreslår, må vere enkle nok til at det er mogleg å øve på dei og hugse dei.
De skal lage ein lysbiletepresentasjon av eit hendingsforløp. Kvart lysbilete bør illustrere ei vending i forløpet. Det treng ikkje å bli til ein actionfilm, men kvart bilete skal bidra til noko nytt.
Vel éin av desse artiklane som utgangspunkt for øvinga:
Grunnprinsipper for IKT-sikkerhet hos nsm.no
Tenker på terror – ikke blindtarmbetennelse - aktuellsikkerhet.no
- Set saman eit hendingsforløp ut frå artikkelen de valde. Her skal de sjå for dykk korleis situasjonen kan utvikle seg steg for steg.
- Føreslå tiltak for å forhindre at det går gale. Spør: Korleis kan vi vere føre var? Korleis bør vi agere (handle) når situasjonen først har oppstått?
- Lag ein presentasjon som illustrerer hendingsforløpet. Bruk tekst og bilete saman, og lag eitt lysbilete per hending.
- Avslutt presentasjonen med ei liste over tryggingstiltaka de føreslår.
Tips: Presentasjonsprogrammet Prezi eignar seg godt til denne typen historieforteljing, men de står fritt til å velje det presentasjonsprogrammet de føretrekkjer sjølve.