Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Beredskapsplanen i praksisbedrifta di

Har du sett beredskapsplanen til praksisbedrifta di? Dette er ein plan som seier kva som skal gjerast om ei uønskt hending skjer. Som tilsette må vi vere kjende med innhaldet i planen, slik at vi veit kva vi skal gjere.
To personar frå nødetatane ber ein person på båre. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I dei fleste bedrifter kan det skje farlege hendingar. Bedriftene skal ha tiltak som avgrensar sjansane for at slike uønskte hendingar skjer. Men same kor mange tryggingstiltak ei bedrift set i verk, er sjansane for at noko skjer, likevel til stades.

Vi lagar beredskapsplanar for å minimere konsekvensane av ei uønskt hending – til dømes ein brann.

I oppgåva skal du be om å få sjå og vurdere beredskapsplanen til praksisbedrifta. Du kan òg snakke med verneombodet eller ein tilsett som er ansvarleg for HMS-arbeidet i bedrifta.

Oppgåve

  1. Beskriv beredskapsplanen kort. Kva er hovudpunkta?

  2. Er det ei planteikning over bygningen eller kontora i beredskapsplanen?

  3. Er nødutgangane beskrivne?

  4. Kven er med i beredskapsorganisasjonen? Korleis er ansvar og oppgåver fordelt?

  5. Er det beskrive kvar dei tilsette kan finne førstehjelpsutstyr, brannvernsutstyr eller liknande?

  6. Er telefonnummeret til nødetatane med? Er det beskrive korleis bedrifta skal samarbeide med nødetatane?

  7. Er det ein plan for beredskapsøvingar, til dømes brannøvingar?

  8. Kva synest du om beredskapsplanen til bedrifta i forhold til det du har lært på skulen?

Tips til læraren

Oppgåvene kan vere ein del av loggen elevane skriv frå praksis, eller ei individuell skriftleg innlevering eller munnleg framføring.

Om det er vanskeleg å få tilgang til beredskapsplanen til praksisbedrifta, kan eleven kanskje bruke beredskapsplanen til skulen.

CC BY-SASkrive av Cecilie Lund.
Sist fagleg oppdatert 12.11.2021

Læringsressursar

Beredskapsplan