Introduksjon til Internett og koding
I videoen under får du ein rask introduksjon til korleis nettsider er bygde opp og korleis dei fungerer.
Khan Academy har mange ressursar for praktisk tilnærming til det å lage nettsider. Du må beherske litt engelsk for å få fullt utbytte av opplegget.
Vi kan ikkje berre skrive nettsider, dei må kodast for at datamaskinene skal kunne klare å lese dei og kunne vise og knyte saman informasjonen rett. Vi bruker spesielle kodespråk for å få til dette.
Hypertekst er tekstar som er sette saman av fleire tekstar eller element, altså det vi oppfattar som typisk for nettsider. Dei blir bygde opp av HTML-kodar. Dette er eit markeringsspråk, ikkje eit programmeringsspråk. Vi markerer med «taggar» og «attributtar» for å definere strukturen på nettsida og fortelje maskinene korleis elementa heng saman. Taggane har også ei semantisk tyding – dei markerer ulik type innhald.
For å lage design og funksjonalitet bruker vi stilark. Då kodar vi i CSS. Dette er i utgangspunktet berre ei liste med reglar, for eksempel for kva fargar som skal visast.
Programmering gir meir funksjonalitet. Enkel programmering blir gjerne kalla skript, og JavaScript er mykje brukt for å skape ei betre brukaroppleving når nettsida visast fram. Til meir avansert programmering kan vi bruke kodespråket PHP.
Det er viktig å lage ein kode som er ryddig og lesbar både for maskinar og menneske. Ryddig kode gjer at vi oppdagar feil, klarar å samarbeide og lagar effektive program. Dette gjeld om vi oppmarkerer (html), lagar regelsett med stilark (css), skriptar (javascript) eller driv med meir avansert programmering (php).
Det finst mange program for å utvikle kode. I denne læringsstien skal vi forholde oss til tekstbaserte program for å ha full kontroll på kva som skjer i koden. I utgangspunktet kan ein bruke ein heilt enkel tekstbehandlar, men det er nyttig å ha linjenummerering, fargekodar og førehandsvisning for å arbeide effektivt.