Hopp til innhald
Fagartikkel

HMS og internkontroll

Som fagarbeidar blir du knytt til éin eller fleire arbeidsplassar. Alle arbeidsplassar må følge lovverket som sikrar at du som arbeidstakar får eit godt og trygt arbeidsmiljø.

Internkontroll og kvalitet

Forskriftene om helse, miljø og sikkerheit (HMS) for verksemder er nedteikna i internkontrollforskrifta. Ho tek føre seg interne forhold i verksemda.

Verksemdene skal mellom anna utarbeide rutinar for brannvern, eit godt inneklima og for oppbevaring av kjemiske middel. Målet er å førebygge helseskadar og sikre eit positivt arbeidsmiljø for dei tilsette i verksemda.

Interessene og rettane til dei tilsette i ulike helsetenester blir tekne vare på gjennom lover og forskrifter som arbeidsmiljølova og internkontrollforskrifta.

Dei som brukar helsetenestene, er sikra gjennom kvalitetsforskrifta. Denne forskrifta gjeld for alle brukarar uavhengig av alder, sosial status og bustad. Kvalitetsforskrifta skal sikre at det er kvalitet på dei helsetenestene som blir ytte.

Les meir om lovene og forskriftene hos Lovdata

Internkontrollforskrifta

Arbeidsmiljølova

Kvalitetsforskrifta

Kva er HMS?

HMS står for helse, miljø og sikkerheit. Omgrepet er ei samlenemning for det interne arbeidet på arbeidsplassen knytt til helsevern, miljøvern, arbeidsmiljø og tryggleik for dei tilsette.

Helse

WHO definerer helse slik: "Helse er ikke bare fravær av sykdom, men fullstendig fysisk, psykisk og sosialt velvære" (Braut, 2019). I HMS-samanheng vil det seie at arbeidstakaren i arbeidet sitt ikkje skal påførast sjukdommar eller andre belastingar som påverkar helsetilstanden.

Miljø

Miljø blir definert litt ulikt avhengig av kva fagområde vi snakkar om:

[...] betegnelse for de ytre livsvilkårene for en organisme, en populasjon eller et samfunn av organismer og de påvirkninger de blir utsatt for. Dette omfatter for eksempel temperatur, fuktighet og tilgang på næring. [...] Innenfor samfunnsvitenskap og psykologi er miljøet omgivelsene mennesker lever i og preges av. Da handler det like gjerne om kultur, økonomi og forholdet til andre mennesker som om fysiske omgivelser. (Tjernshaugen, 2023)

HMS-arbeidet rettar seg både mot det ytre miljøet (til dømes forureining frå verksemda til luft, vatn og jord) og mot arbeidsmiljøet (til dømes trivsel og inneklima).

Sikkerheit

Omgrepet sikkerheit er definert som "[...] en tilstand; fravær av uønskede hendelser eller frihet fra fare og frykt" (Rosvold og Stranden, 2018).

Sikkerheitsarbeidet i verksemda går ut på å ha kontroll over moglege akutte hendingar som kan føre til at arbeidstakarar skadar seg eller i verste fall døyr. I tillegg omfattar sikkerheitsarbeidet også at ein tek vare på det ytre miljøet og på materiell, slik at det ikkje påfører skade på arbeidstakarane eller på menneske utanfor verksemda.

Målet med HMS-arbeid og internkontroll er å førebygge skadar og miljøforstyrringar, og å sikre at dei tilsette har eit sunt, trygt og godt arbeidsmiljø.

Det er meir tenleg å førebygge skadar enn å reparere dei. Ved å bruke personheis når du flyttar på pasientane, kan du som fagarbeidar førebygge ryggskadar og belastingslidingar.

Samfunnsøkonomisk er det også viktig å unngå sjukmeldingar, eventuelle omskuleringar og uførleik. Dersom det likevel skulle oppstå helseskadar og sjukmelding, sikrar verksemdene gjennom HMS-arbeidet at den sjukmelde får oppfølging.

Utfordringar til deg

  1. Bruk dine eigne ord og forklar for ein medelev kva HMS er.
  2. Kvar finn vi forskrifta om helse, miljø og sikkerheit?
  3. Kva lovar og forskrifter tek vare på interessene og rettane til dei som er tilsette i ulike helsetenester?
  4. Gå inn i arbeidsmiljølova og les kva som er føremålet med loven i § 1.
  5. Kva seier § 1 i internkontrollforskrifta at føremålet med forskrifta er?
  6. Kva internarbeid for arbeidsplassen er HMS samlenemninga for?
  7. Kva meiner vi med helse når vi snakkar om HMS?
  8. Gi døme på faktorar som HMS rettar seg mot når det gjeld miljøet.
  9. Korleis er sikkerheit definert innanfor HMS?
  10. Kva er målet med HMS-arbeid og internkontroll?

Kjelder

Braut, G. S. (2019, 1. juni). Helse. I Store medisinske leksikon. Henta 10. februar 2020 frå https://sml.snl.no/helse

Rosvold, K. A. og Stranden, R. (2018, 26. november). Sikkerhet. I Store norske leksikon. Henta 10. februar 2020 frå https://snl.no/sikkerhet

Tjernshaugen, A. (2023, 9. august). Miljø. I Store norske leksikon. Henta 30. oktober 2024 frå https://snl.no/milj%C3%B8

Relatert innhald

Fagstoff
Arbeidsmiljølova

Arbeidsmiljølova skal sikre skal sikre eit godt arbeidsmiljø med trygge og rettferdige tilsetjingstilhøve.