Hopp til innhald

Fagstoff

Arbeidsmiljø

Arbeidsmiljøet er dei omgivnadene du arbeider i. Med arbeidsmiljø meiner vi både det fysiske og psykososiale arbeidsmiljøet. Eit godt arbeidsmiljø er viktig for at du skal trivast, både på skolen og på arbeidsplassen.
Fem glade menneske som står i ein ring. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eit eige lovverk, arbeidsmiljølova, skal sikre at arbeidstakarar har eit tilfredsstillande arbeidsmiljø. Arbeidsmiljøloven inneheld reglar om kva som er tillate for at ein arbeidsplass skal vere godkjend. Arbeidstilsynet følgjer opp lovverket. Dersom ein arbeidsplass ikkje tilfredsstiller krava og arbeidstakarane blir utsette for risiko, kan Arbeidstilsynet kome med pålegg om forbetringar til bedrifta.

Viktige punkt i lovverket:

  • Arbeidsmiljølova pålegg bedrifter å ha eit systematisk HMS-arbeid (HMS = helse, miljø og sikkerheit). Dette blir kalla internkontroll. Det skal verke førebyggjande og er regulert gjennom lov.
  • Brot på arbeidsmiljølova kan medføre alvorlege konsekvensar for både arbeidsgivaren og arbeidstakaren.
  • Det er arbeidsgivar sitt ansvar å syte for å følgje arbeidsmiljølova.
CC BY-NC-SASkrive av Svenn Dahle.
Sist fagleg oppdatert 03.03.2017

Læringsressursar

HMS i arbeidslivet