Film og filmklipp
Ortopediteknikar
Ortopediteknikaren arbeider med produksjon, tilpassing og vedlikehald av ortopediske hjelpemiddel. I denne filmen møter du ein ortopediteknikar som fortel om utdanninga, arbeidsoppgåver og eigenskapar ein treng i yrket.
Ortopediteknikaren samarbeider med ortopediingeniøren og med pasientar, pårørande og helsepersonell for å framstille protesar og andre ortopediske hjelpemiddel. Som ortopediteknikar treng du teknisk innsikt og god formsans, men høg kunnskap om anatomi og gode kommunikasjonsferdigheiter er også viktig i dette yrket.
Sjå filmen og bruk lenkjene under til å svare på desse spørsmåla.
- Korleis er det ordinære utdanningsløpet for å bli ortopediteknikar?
- Kva for eigenskapar er naudsynte i dette yrket?
- Kva er vanlege arbeidsoppgåver for ein ortopediteknikar?
- Kva for moglege arbeidsstader kan du finne for ein ortopediteknikar?
- Kvifor er det viktig å tenkje på ergonomi og HMS i jobben som ortopediteknikar?