Hopp til innhald
Film og filmklipp

Apotektekniker

Apotekteknikaren arbeider med kundebehandling og rettleiing om bruk av legemiddel og andre helseprodukt. Både i private apotek og på sjukehus samarbeider apotekteknikaren tett med farmasøyten. I denne filmen kan du lære om utdanningsløpet, arbeidsoppgåver og viktige eigenskapar i yrket.
Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-SA 4.0

Apotekteknikaren jobbar med både reseptpliktige og ikkje-reseptpliktige legemiddel i tillegg til andre varer som blir selde i apoteket. Apotekteknikaren har sjølvstendige oppgåver med vareplassering og dagleg drift av apoteket i tillegg til rettleiing av kundar og helsepersonell. Vaksinasjon, føflekkskanning og konsultasjonar om produkt blir også utførte av apotekteknikaren.

Utfordringar til deg

Sjå filmen og bruk lenkene under til å svare på desse spørsmåla:

  1. Korleis er det ordinære utdanningsløpet for å bli apotekteknikar?
  2. Kva for eigenskapar er naudsynte i dette yrket?
  3. Kva er vanlege arbeidsoppgåver for ein apotekteknikar?
  4. Kva er viktig for å skape tillit hos kundane i apoteket?
  5. Kvifor er det viktig med ergonomi i jobben som apotekteknikar?

Relatert innhald