Film og filmklipp
Barne- og ungdomsarbeidar
Barne- og ungdomsarbeidaren nyttar varierte pedagogiske metodar i arbeidet med barn og unge. I denne filmen møter du ein barne- og ungdomsarbeidar som fortel om utdanningsløpet, ulike arbeidsstader og personlege eigenskapar ein treng i yrket.
Barne- og ungdomsarbeidaren arbeider med barn og unge med ulike behov for tilrettelegging tilpassa alder og funksjonsnivå. Du må samarbeide med anna pedagogisk personell, og i tillegg må du kunne samarbeide med barn, unge og dei føresette. Aktuelle arbeidsstader for ein barne- og ungdomsarbeidar kan vere barnehage, skule, skulefritidsordning, fritidsklubb og bustadteneste.
Sjå filmen og bruk lenkjene under til å svare på desse spørsmåla.
- Korleis er det ordinære utdanningsløpet for å bli barne- og ungdomsarbeidar?
- Kva for eigenskapar er naudsynte i dette yrket?
- Kva er vanlege arbeidsoppgåver for ein barne- og ungdomsarbeidar?
- Kva for moglege arbeidsstader kan du finne for ein barne- og ungdomsarbeidar?
- Kvifor er det viktig å tenkje på ergonomi i jobben som barne- og ungdomsarbeidar?