Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Aktivitet for barn og ungdom

I faget yrkesfagleg fordjuping skal du å få kjennskap til ulike yrke. For å bli kjend med barne- og ungdomsarbeidarfaget skal du i denne oppgåva jobbe med å planleggje ulike aktivitetar for barn og unge.
Barn og vaksne på tur i naturen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vel ein av casane og svar på oppgåvene

  • Du er i praksis i barnehage. Der er du på avdelinga for barn mellom 1 og 3 år. I dag skal de jobbe med digitale forteljingar. Du skal planleggje aktiviteten.
  • Du er i praksis på SFO. I dag skal de på tur. De skal gå til ein turplass der det er bål. For å komme dit må de krysse ein bilveg. Du skal planleggje turen og aktiviteten når de kjem fram.
  • Du er i praksis på ein ungdomsklubb. I dag er det filmkveld med servering av mat. Du skal planleggje aktiviteten denne kvelden. Det inneber val av meny og val av film. Ungdommane er mellom 12 og 15 år.

Oppgåver

  1. Grunngi vala du har teke for aktiviteten. Kvifor passar dette til denne brukargruppa?
  2. Lag ein detaljert plan for aktiviteten.
  3. Korleis bidreg aktiviteten du har valt, til meistring og gode opplevingar for deltakarane?
  4. Kva kan gå gale under gjennomføring av desse aktivitetane? Lag ein liten risikoanalyse og beskriv korleis du vil førebyggje uhell og ulykker.
  5. Set opp 4–5 reglar for aktiviteten, som du skal presentere for brukargruppa.
  6. Kva hygienetiltak må gjennomførast i aktiviteten du har valt?
CC BY-SASkrive av Hege Nikolaisen.
Sist fagleg oppdatert 21.05.2020

Læringsressursar

På jobb som barne- og ungdomsarbeidar