Film og filmklipp
Aktivitør
Som aktivitør er det oppgåva di å leggje til rette for både fysiske og sosiale tilbod til ulike brukargrupper, både unge og eldre, slik at dei kan oppleve meistring, meining og innhald i kvardagen. I denne filmen fortel ein aktivitør om vanlege arbeidsoppgåver og naudsynte eigenskapar for yrket.
Aktivitøren planlegg og tilpassar aktivitetar for menneske i alle aldrar som av ulike grunner har behov for tilrettelegging. Aktivitøren motiverer til trivselsskapande aktivitetar både individuelt og i grupper for å halde ved like eller betre funksjonsevna til brukarane. Som aktivitør kan du jobbe i ulike helseinstitusjonar, fengsel, skule og andre offentlege eller private verksemder.
Sjå filmen og bruk lenkjene under til å svare på desse spørsmåla.
- Korleis er det ordinære utdanningsløpet for å bli aktivitør?
- Kva for eigenskapar er naudsynte i dette yrket?
- Kva er vanlege arbeidsoppgåver for ein aktivitør?
- Kva for moglege arbeidsstader kan du finne for ein aktivitør?
- Kvifor er det viktig å tenkje på ergonomi i jobben som aktivitør?