Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Planlegg ein aktivitet

I yrkesfaglig fordjuping skal du å få kjennskap til ulike yrke. For å bli kjent med aktivitøryrket skal du i denne oppgåva jobbe med ein case og tenkje gjennom ulike arbeidsoppgåver ein aktivitør kan ha.
Eldre menneske sit på stolar i ring og kastar ein ball til kvarandre innandørs. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Du er i praksis i yrkesfaglig fordjuping på Vg1 helse- og oppvekstfag. Vel ein av casane og svar på oppgåvene under.

Casar

  1. Du går saman med ein aktivitør på eit senter for rehabilitering for vaksne. Dei er mellom 30 og 50 år. Dei er innlagde i 3–4 veker på senteret og har ulike psykiske lidingar. Dei fleste som er på senteret, slit med angst og depresjon. Du skal planleggje ein aktivitet med fokus på meistring for den siste dagen du er der i praksis.
  2. Du skal vere med barna på tilrettelagd avdeling på SFO. Dei er frå 1. til 4. klasse og har ulike diagnosar. Fleire sit i rullestol, og nokon har ein diagnose innanfor psykisk utviklingshemjing. Du skal planleggje ein aktivitet som involverer alle i gruppa for ein dag du er der i praksis.
  3. Du skal vere med eldre på sjukeheimen i fem dagar. Dei eldre som bur der, har eit stort fellesrom, og du har fått vite at dei er glade i musikk. Planlegg ein aktivitet som inneheld rørsle, musikk og samarbeid for ein dag du er der i praksis.

Oppgåver

  1. Foreslå ein aktivitet som du tenkjer kan framme meistring, utvikling og god helse for denne gruppa. Forklar korleis du kjem fram til innhaldet i aktiviteten.
  2. Planlegg korleis du skal gjennomføre aktiviteten. Det gjeld alt frå innkjøp til samarbeid med andre.
  3. Korleis vil du motivere deltakarane til aktiviteten, og korleis vil du involvere dei i dei ulike delane av aktiviteten?
  4. I lenkja under kan du finne yrkesetiske retningslinjer for aktivitørar. Korleis skal du følgje desse i aktiviteten du har planlagt?

Relatert innhald

Fysisk aktivitet er like viktig for hjernen som for kroppen. I denne filmen fortel lege Ole Petter Hjelle korleis fysisk aktivitet påverkar hjernen.

CC BY-SASkrive av Hege Nikolaisen.
Sist fagleg oppdatert 26.05.2020

Læringsressursar

På jobb som aktivitør