Oppgåve
Førebygjande tannhelsearbeid
Ei av arbeidsoppgåvene til tannhelsesekretæren er å rettleie pasientane og gi råd om førebyggjande tannhelsearbeid. I denne oppgåva kan du øve på samhandling med foreldre for å førebyggje tannhelseproblem hos barn.
Eit av barna som kjem til tannlegen, har svært mange hòl, og far ønskjer informasjon om kva dei kan gjere med kosthaldet for å førebyggje nye hòl.
Finn ut kva matvarer som skader tennene.
Førebu dykk enkeltvis på å gi slik informasjon til far.
Gå deretter saman i grupper og gjennomfør samtalen der éin er tannhelsesekretær, éin er far, og éin er observatør. Byt roller slik at alle får prøvd seg i rolla som tannhelsesekretær.
Samanfatt til slutt:
- Kva informasjon bør far få?
- Korleis skal ein leggje fram slik informasjon?