Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Tannhelsetenesta i Noreg

Tannhelsesekretæren må ofte informere pasientane om korleis tannhelsetenesta er organisert. I denne oppgåva skal du finne ut korleis tannhelsetenesta i Noreg er bygd opp, og kven som har rett til gratis behandling.
Tannlege viser røntgenbilde til pasient. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Nokre av pasientane klagar på at det kostar mykje å gå til tannlegen. Det hender at tannhelsesekretæren synest synd i dei, fordi ho veit at til dømes pensjonistar og menneske med låg inntekt kan ha dårleg råd.

  • Beskriv korleis tannhelsetenesta er organisert.
  • Kven har krav på gratis tannhelseteneste?
CC BY-SASkrive av Agnes Brønstad, Guri Bente Hårberg og Trine Merethe Paulsen.
Sist fagleg oppdatert 09.01.2020

Læringsressursar

På jobb som tannhelsesekretær