Oppgåve
Lærling i ambulansetenesta
For å få plass som lærling i ambulansetenesta må du sende inn søknad. Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju, og i tillegg gjennomfører dei fleste helseføretak fysiske opptaksprøver.
Gjennom intervjuet ønskjer arbeidsgivar å finne ut om du er eigna til jobben.
- Kva vil det seie å vere eigna til ein jobb?
- Ta kontakt med ambulansetenesta i helseføretaket ditt og finn ut kva dei legg vekt på når dei skal ta inn nye lærlingar.
- Kva er dei fysiske krava for å kunne få lærlingplass i ambulansetenesta i helseføretaket ditt?