Film og filmklipp
Portør
Som portør vil du kome i kontakt med mange forskjellige menneske i ulike situasjonar. I denne filmen møter du to portørar som fortel om vanlege arbeidsoppgåver, utdanningsløpet og naudsynte eigenskapar i dette yrket.
Portøren jobbar med å transportere pasientar, medisinar og utstyr innan sjukehus og andre helseinstitusjonar. Gode kommunikasjonsevner er viktig fordi du kjem tett på pasientar og pårørande i sårbare situasjonar, og du skal også samarbeide tett med ulike grupper helsepersonell. Som portør må du vere i god fysisk form fordi arbeidet inneber mykje gåing.
Utdanningsløpet for å bli portør startar med vg1 helse- og oppvekstfag. På vg2 kan du velje mellom ambulansefag, helsearbeidarfag og helseservicefag. Deretter er du lærling i to år før du kan gå opp til fagprøva og få fagbrev som portør.
Sjå filmen og bruk lenkjene under til å svare på desse spørsmåla.
- Korleis er det ordinære utdanningsløpet for å bli portør?
- Kva for eigenskapar er naudsynte i dette yrket?
- Kva er vanlege arbeidsoppgåver for ein portør?
- Kva for moglege arbeidsstader kan du finne for ein portør?
- Kvifor er det viktig å tenkje på ergonomi i jobben som portør?