Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lærling i portørfaget

På Vg 1 helse- og oppvekstfag skal du bli kjend med ulike yrke innanfor programområdet. I denne oppgåva skal du gjere deg kjend med portørfaget.
Portør transporterer pasient i seng. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Som lærling i portørfaget skal du mellom anna følgje og køyre pasientar til og frå ulike behandlingar. Du skal òg frakte utstyr til og frå avdelingar på sjukehuset eller ute i kommunen.

Oppgåver

  1. Fullfør setningane under.
    1. Ein portør må ha gode samarbeidsevner fordi ...
    2. Ein portør må ha god sosial kompetanse fordi ...
    3. Ein portør må ha gode sko fordi ...
    4. Ein portør må vere påliteleg fordi ...
  2. I portørfaget skal du handtere alvorleg sjuke menneske. Nokon skal til operasjon eller anna behandling, andre skal tilbake til rommet etter undersøkingar eller behandling.
    1. Kva kompetanse må ein portør ha innanfor førstehjelp?
    2. Kva må ein portør kunne om ulike tilstandar og sjukdommar?
  3. Ein portør skal handtere både reint og ureint utstyr. Kva blir meint med reint og ureint utstyr?
  4. I praksisrommet på skulen skal de lære å reie senger. Korleis handterer du sengetøy som er forureina av blod eller andre kroppsvæsker?
  5. Besøk eit sjukehus viss dette er mogleg.

    1. Legg merke til korleis informasjonsskilt og merking av dei ulike avdelingane er. Korleis synest du det går å finne fram på sjukehuset?
    2. Legg merke til nødutgangane. Korleis er desse merkte?
    3. Som portør skal du ha gode evner til å finne fram. Kvifor er dette viktig?
CC BY-SASkrive av Hege Nikolaisen.
Sist fagleg oppdatert 27.05.2020

Læringsressursar

På jobb som portør