Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Diskresjon på apoteket

Som apotekteknikar vil du møte kundar som har spørsmål og behov dei ikkje ønskjer at andre skal vite om. Apotek skal derfor leggjast til rette slik at det er mogleg å vareta behovet til kunden for diskresjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåver

  1. Kva blir meint med diskresjon?
  2. I kva samanhengar kan det vere ønskjeleg at berre kunden og apotekteknikaren veit kva det blir snakka om? Lag ei liste med døme.
  3. Lag eit rollespel om ein samtale mellom ein apotekteknikar og ein kunde om eit av døma oppgåve 2.

    1. Gjennomfør rollespelet med klassen som tilhøyrarar.
    2. Arbeid deretter to og to og gjennomfør rollespelet utan tilhøyrarar.
    3. Kva for ein av situasjonane fungerte best? Kvifor?
  4. Besøk eit apotek i nærleiken, og snakk med ein apotekteknikar om tilrettelegging for å vareta diskresjon. Lag ein presentasjon for klassen med vekt på dette:
    1. Korleis er apoteket fysisk tilrettelagt for å vareta behovet til kundane for diskresjon?
    2. Kva fungerer bra, og kva kunne vore betre?
  5. Diskuter i klassen kva fordelar og ulemper det medfører for kunden å bestille reseptfrie legemiddel frå eit apotek på internett framfor å handle i eit lokalt apotek.
CC BY-SASkrive av Vigdis Haugan, Trine Merethe Paulsen og Guri Bente Hårberg.
Sist fagleg oppdatert 20.05.2020

Læringsressursar

På jobb som apotekteknikar