Hopp til innhald
Oppgåve

Yrkesetikk og respekt

Ei ung jente kjem fram til kassa der apotekteknikaren Ragna står. Ho verkar litt brydd. Jenta leverer ein resept på p-piller og ber om informasjon om graviditetstestar.

«Men du må jo ikkje ta p-piller viss du er gravid, det veit du vel?» seier Ragna høgt så både hennar kollega Babiri og dei nærmaste kundane høyrer det. Jenta raudnar og ser seg rundt medan Ragna held fram med å snakke like høgt. Babiri synest situasjonen er pinleg. Ho har opplevd liknande situasjonar med Ragna før.

Utfordringar til deg

  • Vurder denne situasjonen opp mot dei yrkesetiske retningslinjene for apotekteknikarar.
  • Kva haldningar viser Ragna?
  • Bør Babiri gjere noko i denne situasjonen? I tilfelle kva? Grunngi svaret.

Relatert innhald

Fagstoff
Profesjonalitet

For å vere ein profesjonell fagarbeidar må du ha den kompetansen som er nødvendig.

CC BY-NC-SA 4.0Skrive av Trine Merethe Paulsen, Guri Bente Hårberg og Agnes Brønstad.
Sist fagleg oppdatert 26.05.2020